Før årsmøtet var det orientering ved vertshuseigar Jon Selfors om Vertshuset Sinclair som bl.a. har satsa på lokalhistoriske utstillingar. Det var også omvising i Skottetogutstillinga i kjellaren i vertshuset.
Gudbrandsdalsseminaret 2011 vart avvikla onsdag 26. januar i Store Maihaugsalen på Maihaugen. 100 personar deltok på seminaret, i tillegg til at tre skuleklasser frå Lillehammer og Gausdal vidaregåande skole deltok på delar av seminaret.
Før årsmøtet var det ope hus og omvising på Sandbu (nigard søre) med Ivar Lillebråten som vert. Han har vore ansvarleg for vedlikehaldet der i ein mannsalder. Deretter var det, på Kleppe, orientering ved Dag Lindvig om restaureringa på Gamel-Kleppe. Under posten ”fagtema” heldt Kristian Hosar eit kåseri om fotografar og fotoarkiv i Gudbrandsdalen.