Dølaringen Boklag | | sidekart

 

Bokfond til støtte for lokalhistoriske publikasjonar i Gudbrandsdalen
Tidlegare Ivar Kleivens fond og Aagaards legat

Retningsliner og utdelingar

Det har ikkje vori utdelingar frå legata på lang tid. Årsmøte i Gudbrandsdal historielag og Dølaringen fatta 23. april 2016 vedtak om å slå saman dei to fonda til eitt. Til saman utgjer desse om lag 130 000 kroner (pr. 31.12.2015).

Pengane er ei avsetning i balansen og blir disponert etter vedtak i fondstyret som er styre-leiar i Gudbrandsdal historielag og styreleiar i Vågå Historielag. Føremålet skal vera lokal-historiske publikasjonar i dalen. Øvre grense for samla årleg utdeling skal vera 25 000 kr.

Søknadsfrist for kvart år er 1. september, søknad sendast styreleiar i Gudbrandsdal Historielag.

I 2016 fekk fylgjande støtte:
Bok om brevskifte Kristian Prestgard og Ivar Kleiven V/ Gudmund Harildstad kr. 10 000 og bok om kakejern i Lesja v/Oddvar Romundset Lesja Historielag kr. 10 000. Pengane blir overført når Gudbrandsdal historielag har motteke 2 x av ferdig bok. Desse bøkene blir tilført laget si boksamling.

I Aagaards legat finnest og ei boksamling på om lag 25 hyllemeter. Denne har vore tilgjengeleg i biblioteket på Maihaugen, som etter initiativ frå Maihaugen blir flytta. Dette er ei spesialsamling som blir tilgjengeleg for publikum i eit av Opplandsarkivet sine lokale i regi av Gudbrandsdalsmusea. Bøkene skal ikkje vera til utlån.


Torveig Dahl
styreleiar
Gudbrandsdal historielag

Til Bodstikkas arkiv . . .


Return to top