Dølaringen Boklag | | sidekart

 

Referat frå årsmøtet 27. august 2011 i Kvam

Referat frå årsmøtet i Gudbrandsdal historielag og Dølaringen laurdag 27. august 2011 Vertshuset Sinclair, Kvam

Før årsmøtet var det orientering ved vertshuseigar Jon Selfors om Vertshuset Sinclair som m.a. har satsa på lokalhistoriske utstillingar. Det var også omvising i Skottetog-utstillinga i kjellaren i vertshuset.
Etter det var det besøk i Gudbrandsdal krigsminnesamling med orientering ved Arild Teigen og besøk i Fredsparken og Kvam kyrkjegard med britisk soldatgravplass, orientering ved Arild Teigen og Arne Skuterud.
Rett etter årsmøtet orienterte museumsdirektør Torveig Dahl frå Gudbrandsdalsmusea om organisering av og arbeid i Gudbrandsdalsmusea. I tillegg orienterte ho om arbeidet med innsamling av historisk stoff frå Oppland i samband med 1814-jubileet. Ho la vekt på ønsket om å halde best mogleg kontakt og få til godt samarbeid mellom musea og historielaga i dalen.
Før årsmøtet var det servering av kaffe og rundstykker, etter årsmøtet var det servering av god, tradisjonell «kål».

Til stades på årsmøtet var 12 medlemmer i Dølaringen, 18 representantar frå 9 historielag og to gjester, i alt 28 deltakarar.

Leiaren ynskte dei frammøtte velkomne.

Sak 1:  Godkjenning av innkalling og sakliste
Ingen hadde merknader til innkallinga og saklista. 

Sak 2: Val av ordstyrar
Leiar Arne Skuterud vart vald til ordstyrar. 

Sak 3: Val av møteskrivar og to til å skrive under møteboka
Gaute Elvesæter Helland vart vald til skrivar. Geir Neverdal og Iver Forseth vart valde til å skrive under møteboka.

Sak 4: Årsmelding for 2010 
Leiaren las meldinga.  Han la særleg vekt på at økonomien uroar styret. Styret har sett i gang ymse tiltak etter eit møte med revisoren i april. Styret hadde 7. mai også eit drøftingsmøte med lokalaga.
Leiaren orienterte vidare om flytting av kontoret til sentrum i Lillehammer, og meinte at dette etter kvart vil føre til fleire besøk og auka boksal. 
Leiaren la elles vekt på behovet for tettare samarbeid mellom dei lokale historielaga og Gudbrandsdal historielag. Han oppmoda lokallaga til å slutte opp om  Gudbrandsdals-seminaret 2012.
 
Det var fleire som hadde ordet til årsmeldinga:
Iver Forseth orienterte om boksalet tidlegare. Han meinte og at Dølaringen og Gudbrandsdal historielag burde ha kvar sin formann.
Geir Neverdal meinte at det burde sendast ut ei pressemelding når årboka kjem ut, og at meldinga burde inn på heimesidene til laga og til kommunane.
Ivar Teigum kommenterte stutt det komande Gudbrandsdalsseminaret 1. februar 2012.

Enkelte la også fram tankar om samarbeid med skulen, særleg vidaregåande skule, om samarbeid med andre organisasjonar og om salsapparatet for Årboka.

Sak 5: Rekneskap for 2010 
Rekneskapen, som før årsmøtet var lagt ut på heimesida www.gudbrandsdalshistorielag.no, vart delt ut til alle deltakarane. Det same vart revisoren si vurdering.
Frå styret vart det uttrykt stort behov for å finne løysingar på dei utfordringane som det store underskottet i 2010 viser.
Det vart spurd om summar til reisegodtgjersle og seminar. Dette vart forklart med at godtgjersla til årbokredaktøren vart ført her i 2010, i samband med ei reise til Tyskland. I tillegg er delar av reiseutgiftene for 2009 ført i 2010-rekneskapen.
Det vart vidare spurd om husleiga i dei nye lokala.
Det vart også spurd om kvifor standard kontrakt ikkje var brukt i samband med utgjeving av boka «Wergeland i Tilskuer’n».
Frå årsmøtet vart styret oppmoda om å arbeide aktivt for å rette på økonomien.
Med desse merknadene vart rekneskapen samrøystes godkjend.

Sak 6: Ivar Kleivens fond og Aagaards legat
Det har ikkje vore utbetalingar i 2010. Status på fonda vart refererte og godkjende, jf. årsmeldinga.

Sak 7: Samarbeidsavtale mellom Dølaringen og Gudbrandsdal historielag
Før årsmøtet hadde styret sendt ut eit framlegg til ny samarbeidsavtale. 
Leiaren orienterte om den gjeldande avtala frå 1975 og refererte framlegget til endringar frå styret.
Iver Forseth hadde forslag til nokre endringar i framlegget. Han foreslo at saka vart utsett til neste årsmøte, slik at ein kunne finne fram ei revidert samarbeidsavtale frå 1980-åra. Utsetjingsframlegget fall mot to røyster. 

Saka vart så teke opp til realitetsdrøfting:
Iver Forseth la da fram forslag om slikt tillegg i pkt. 1:
Formuleringa «felles årsmøte» skal endrast til «årsmøte for kvart av laga».
Han la også fram forslag om ein del språklege endringar, ei endring i pkt. 1 og fleire i pkt. 4.

I ordskiftet etter dette hadde følgjande ordet:
Arne Skuterud, Knut Raastad, Torveig Dahl, Gaute Helland. Under ordskiftet vart det bl.a. understreka at dette er ei samarbeidsavtale, ikkje vedtekter.

Ved røysting etter ordskiftet vart Forseth sitt framlegg til realitetsendring i pkt. 1 avvist med 23 mot tre røyster.
Dei språklege endringane i pkt. 1 og 4 vart samrøystes vedtekne. 

Sak 8:    Arbeidsprogram 2011-12
Arne Skuterud delte ut framlegg til arbeidsprogram i åtte punkt. Det vart samrøystes godkjend.

Sak 9: Årspengar for 2012
   Det vart vedteke å ikkje endre årspengane for 2012, og dei blir da slike:
• Personlege medlemmer i Gudbrandsdal historielag: kr 100 pr person
• Medlemslag i Gudbrandsdal historielag: kr 300 pr lag
• Personlege medlemmer i Dølaringen: kr 100 pr person
• Medlemslag i Dølaringen: kr 300 pr lag.

Sak 10: Val
Leiaren i valnemnda, Ivar Teigum, la fram tilrådinga frå valnemnda.  I samsvar med tilrådinga vart det gjort samrøystes val av medlemmer og varamedlemmer til dei to lagsstyra. Etter dette er styra slik samansette:

Dølaringen:  
Arne Skuterud, Nord-Fron (2009-2012) attvald som leiar for eitt år
Gaute Elvesæter Helland, Lom (2010-2013) ikkje på val
Kirsti Haugstad, Ringebu/Hamar (2011-2014) attvald

Varamedlemmer for eit år: 
Arnfinn Engen, Lillehammer
Ragnhild Kolden, Lom/Oslo
Åse Haugstad, Lesja

Gudbrandsdal historielag:
Arne Skuterud, Nord-Fron (2010-2013) attvald som leiar for eitt år
Arild Teigen, Nord-Fron (2009-2012) ikkje på val
Kirsti Krekling, Lillehammer (2011-2014) ny

Varamedlemmer for eit år: 
Anders G. Fretheim, Ringebu/Fåvang
Geir Neverdal, Sel/Fron
Magnhild Bruheim, Lillehammer

Revisor: 
Oppland Revisjon & Rådgivning vart attvald som revisor.

Valnemnd: 
Som nytt medlem i valnemnda gjorde Arne Skuterud framlegg om Kirsten Andberg, som vart samrøystes vald. Valnemnda er da slik samansett:
Iver Forseth, Lillehammer (2009 – 2012), leiar
Kari Jægersletten, Vinstra (2010 – 2013)
Kirsten Andberg, Lillehammer (2011 – 2014)

 

Geir Neverdal (sign.)   Iver Forseth (sign.)

 

Til Bodstikkas arkiv . . .


Return to top