Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Ymse glimt frå innhaldet i Årbok for 2004

Jan Vidar Lie Pedersen skriv om diligencerutene i Gudbrandsdalen

Mange gjester klaga over at på Laurgard var det berre ei dør som gjekk inn til fleire soverom.

Maihaugen 100 år

Arnfinn Engen har skrive om korleis flytting av hus til Maihaugen skapte reaksjonar i bygdene.

Garmokyrkja medan ho sto ved Vågåvatnet i Garmo. Biletet er teke av den tyske fotografen Louis Heine i 1860-åra. Kyrkja vart riven i 1876.

Trond Eklestuen (1837-1916), ”Skrap-Tron” som han heit på folkemunne, var ein av Anders Sandvigs framste hjelparar. Erik Holø har skrive om han, samstundes som ein artikkel av Nils Aasheim frå Lillehammer Tilskuer 1916 då Eklestuen døydde, er gjengitt.

Trond Eklestuen kjende seg like vel blant høg som låg. Her helsar han på kong Haakon på Lillehammer stasjon under kroningsreisa sommaren 1906.

Rasmus Stauri har kalla artikkelen sin ”Anders Sandvig og Maihaugen sett med dølabriller”. Rolf Vang har skrive eit dikt til ”jubilanten”: ”Her kviskrar liv – her susar æve”.

Litteratur og kunst

Mange forfattarar har hatt tilknyting til Gudbrandsdalen, anten ved at dei kom frå dalen, at dei har skrive med tema frå dalen, at dei har henta impulsar herifrå, eller var knytte til dalen på andre måtar.

Egil Ulateig skriv om den tragiske livssoga til Mathias Dompen frå Lesja og spør om denne ukjende litteraten har vore Wildenveys læremeister.

Herman Wildenvey nemner ranglane han hadde med Mathias Dompen og dei andre døladiktarane, Knut Hamsun og Hans Aanrud.

Ingeborg Donali har funne fram eit brevskifte mellom Kristofer Uppdal på Oppdal og Inge Krokann i Gausdal. Ivar Teigum har gjengjeve to dikt om Vågå av Ragnvald Skrede. Per Åsmundstad har skrive om den sjukelege Per Sivle.

I artikkelen ”Gudbrandsdalen i eventyrteikningane” har Arnfinn Engen vist korleis mellom andre Erik Werenskiold, Alf Rolfsen og Henrik Sørensen brukte gardar i Gudbrandsdalen som modell for illustrasjonane sine.

Kortforlaget Oppis fotografi av Skjæsar er frå ein annen vinkel enn teikninga til Alf Rolfsen.

 

Alf Rolfsens teikning av garden til Håken Borkenskjegg er frå Skjæsar i Lom mot Lomseggen og Skjåk.

Jakt og fiske

Jakt og fiske har alltid vore ein viktig del av livsgrunnlaget for folk i Gudbrandsdalen. Mange slags reiskapar vart brukt til innlandsfisket og er blitt ein interessant del av kulturhistoria. Trygve Hesthagen som arbeider i NINA, har skrive ein fyldig artikkel om bruk av mæl og andre ruseliknande fiskereiskapar i dalen.

Mælkrakk som stod ved Sundgarden ved Lågen i Fåberg i åra 1989-1992, sett opp av Smestad ungdomsskole.

Ein artikkel frå rundt 1930 av Ola Talleråshaugen fortel om skikkar og truer omkring jakt og fangst.

Folk og hendingar

I år er det 150 år sidan den store historieskrivaren i Gudbrandsdalen, Ivar Kleiven, vart født. Kristian Hosar har skrive om han som ville skrive soga om heile Gudbrandsdalen.

Leiar i Vågå historielag, Georg Gjevre og leiar i Gudbranddal Historielag, Per Åsmundstad med nyutgåva av Ivar Kleivens ”I heimegrendi” med illustrasjonar av Vågå-kunstnaren Olav Hanslin.

Rolv Fritsvold har skrive om presten Krag i Vågå, som seinare berre gjekk under namnet ”Vågåpresten”. Ivar Teigum har funne fram ei beretning av Berta Ree som døydde i 1966 om livet på kapellangarden Sør-Stae i Vågå 1879-91. Ei historie etter Olav Åsmundstad som døydde brått i 1925, fortel om Varpe-karane frå Kvikne og Per Åsmundstad har skrive om ei husmannskonflikt og Amerikareise i Skåbu i 1850-åra samt eit utdrag frå eit Amerika-brev frå 1855. Kristian Hosar har skrive om fruktdyrkaren frå Hardanger, Knud Knudsen, som fotograferte alle skysstasjonane i Gudbrandsdalen.

I 1890-åra drog Knud Knudsen gjennom Jotunheimen med det tunge fotografutstyret sitt. Tre hestar måtte til for å få med alt.

Einar Hovdhaugen (1908-1996) har skrive om talarferd i Gudbrandsdal Ungdomslag. Stykket er skrive i 1985, men har ikkje vore trykt tidlegare.

Einar Hovdhaugen i ungdommeleg lag i 1978.

Nils Bjørge har skrive ei lita historie om morosamme annonsar i Gausdal. Kolbjørn Skaare har skrive om ein original kar frå Skjåk, Sevald Myren.


Return to top