Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Ymse glimt frå innhaldet i Årbok for 2005

Unionsopplysinga i 1905

I år feirar vi hundreårsjubileet for Noreg som sjølvstendig rike i nyare tid. 1905 var det store året da unionen med Sverige vart oppløyst, ein union som hadde vara sidan 1814, og som da avløyste ein mykje lenger union med Danmark. I Noreg utløyste det som skjedde i 1905 stor jubel, men også stor spenning – det var fare for krig med Sverige. Heldigsvis gjekk det ikkje slik.

Professor Tore Pryser har skrive om nasjonal bakgrunn og lokale hendingar.

Sigurd Ibsen, diktarens son, foreslo noko som minner om statskupp.

Ei av dei få skildringane vi har frå ein som opplevde 1905 i Gudbrandsdalen, er skriven av Johan Kaspar Sprækkenhus frå Tretten. Han gav i 1912 ut ei lita bok han kalla “Gudbrandsdølerne”. Minner frå 1905.” Vi har frå denne boka henta ein del utdrag om røystinga om unionsopplysinga i dalen 13. august 1905, og om gudbrandsdølar på grensevakt.

Arnfinn Engen har funne to brev som fortel ei fantastisk historie. Breva er uavhengig av kvarandre sendt til daverande norske stortingspresident, H.C. Berner, og er frå folk som ættar frå Lom. Begge framfører krav på den norske trona som var ledig i 1905!

Høgfjell og nasjonalpark

I Gudbrandsdalen finst fleire av dei mest kjente fjellområda i landet, som Rondane, Dovrefjell og Jotunheimen. Dette er fjell som har ein heilt spesiell status i norsk kultur, og det har da også ført til at det er oppretta nasjonalparkar i alle desse tre fjellområda.

Hans Olav Bråtå tek for seg Rondane nasjonalpark og debatten om opprettinga av den første nasjonalparken i landet.

Norman Heitkøtter, f. 1924, var drivkrafta for å få etablert Rondane Nasjonalpark, den første i landet.

Sonja Barth fortel om gamle kulturspor i høgfjellet.

Forfattarens mann, Edvard K. Barth og Thor Heyerdahl i sjølvlaga snøhule på Dovrefjell påska 1934.

Trygve Hesthagen som arbeider i NINA, har skrive ein fyldig artikkel om det særeigne oterfisket etter aure på Tesse, både det store omfanget det har hatt og utviklinga av nye typer otrar med sjølvlaga åte som sluk og spinnar.

O. Henrik Akeleye Braastad følgjer Gustaf Frøding frå Aulestad til Jotunheimen i 1890-åra under tittelen “Mellom Bjørnson og Bergslottet: Fjellveien mot det frie eros”.

På Eriksensalen i Lillehammer – Listadsalen – traff Frøding både Bjørnson, Christopher Bruun og Frits Hansen.

 

I juli 1891 besøkte Frøding for første gong Gausdal Sanatorium. Teikning fra Ny Illustrerte Tidende i 1877.

Gudbrandsdalen i den gamle tida -

Kunnskapen vår om Gudbrandsdalen før 1700 er ikkje så svært detaljert. Men interesserte folk vinn stadig ny kunnskap. Og årboka presenterer her slik kunnskap innanfor fleire tema.

Magnhild Bruheim har teke for seg hekser og trolldom i Gudbrandsdalen.

13 år gamle Siri Jørgensdotter frå Tretten var avhøyrt om trolldom på Øyer prestegard i 1730.

Ivar Teigum har teikna eit tidsbilde på den tid som skottane fór. Artikkelen er eit resultat av eit seminaroppdrag sommaren 2004. To foredrag fokuserte på tilhøva omkring 1600, den europeiske bakgrunnen med religionskrigar og statar med eit sterkt sentralstyre, og kva vi veit om haldningar, mentalitet og levevilkår lokalt på den same tida.

Gravsteinen over Georg Sinclair. Kopi frå SkillingsMagazin.

Restar etter skottetoget? Grete Lilleseter stiller dette spørsmålet om bruken av rutastoff i Gudbrandsdalen.

På folkemunne i Gudbrandsdalen har det heitt at rutalivet til råndastakken er ein arv etter skottane som kom gjennom dalen i 1612.

Vegard Aukrust skriv om målet i Nord-Gudbrandsdalen i mellomalderen. På den tida hadde latin om lag same stillinga internasjonalt som engelsk i dag, særleg gjennom kyrkja.

- og i den nye tida

Det har skjedd store endringar av samfunnet i dalen det siste hundreåret. Det er vel knapt noko hundreår i historia der det har vore så store omveltingar som på 1900-talet, teknisk, økonomisk og på andre måtar.

Filmen var eit nytt og spennande medium da den kom tidleg på 1900-talet. Gudbrandsdalen vart arena for mange filmopptak. Jan Vidar Lie Pedersen fortel om kamera går i Gudbrandsdalen.

Den flotte plakaten som vart laga for å marknadsføre filmen om Fante-Anne.

 

Innspelinga av “Trollelgen” i Heidal. Framfor kamera Tove Tellback, Harald Stormoen og Einar Tveito.

 

Plakaten om filmen “Gjest Baardsen” Alfred Maurstad under innspelinga ved Grotli i Skjåk.

Motorsaga gjorde skogsarbeidet lettare. Iver Forseth skriv om dette som også for mange var det fyrste møtet med forbrenningsmotoren.

Motorsagene vart prøvd i fleire skogsdrifter i 1946/47. Bildet er frå Studieselskapet for norsk industri si drift i Hurdal. Dei prøvde flest tomannssager, den tyngste var 37 kg. Den lettaste saga var Beaver, nærast kamera, ho vog 16 kg. Konklusjonen etter alle prøvene var at dei lettaste sagene var best egna i Norge. Bilde frå arkivet til Norsk institutt for skogforskning.

Utdanning har vore eit viktig middel for å endre livssituasjonen for mange. Svenske Ewald Bosse gjorde det mogleg for gløgg ungdom i Ottadalen, spesielt i Vågå, å få seg utdanning. Egil Ulateig skriv om denne spesielle personen – menneskevenen og storspekulanten.

Professor Ewald Bosse var for lengst død, men “borna” hans levde ennå da dei var samla på Solstua i Holmenkollåsen i september 1988. Frå venstre, Professor Harald Bergseth, kommunelege Sigurd Skogheim, lektor Kåre Bakke, lektor Liv Høgåsen Sandvik, Bosses pleiedotter, advokat Dagny Bull Heyerdahl, assisterande personaldirektør Edvin Saastad, lektor Gustav Saastad, tannlege Knut Enge, avdelingsdirektør Olav Saastad, professor Ivar Paul Enge og overlege Pål Bjørnstad. Foto: Morten Uglum, Aftenposten.

 

Bosse kjøpte opp store gardar i Vågå. Den mest majestetiske var Nigard Sør-Sandbu, i 2005 eigd av konsul Kjell Holm frå Ålesund.

Folk og hendingar

Erik Holø skriv om Ivar Kleiven og kallar artikkelen et 140-årsjubileum.

Ungdomsvennen Kristian Prestgard, Decorah-Postens redaktør, kalla Kleiven for Gudbrandsdalens Snorre.

Rolf Vang har skrive dikt om ein som ikkje hadde det altfor godt i det gamle samfunnet – ein kar kalla “Migar-Erik”.

Lars Haugen var husmann under Nedre Dal i Fåberg og Asbjørn Dahl skriv ein del av livshistoria hans.

Nerdalshaugen rundt 1900. Fremst sit husmann Lars, og bak sit innerst Engebret Hanssen frå Holoa, like nordafor. Foto: Aksel Høgsveen.

 


Return to top