Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Ymse glimt frå innhaldet i Årbok for 2006

Krig og kløyving

Dei fem krigsåra var ein svært dramatisk periode i dalens historie. Landet vart invadert av ein framand hær. Menneske mista livet i krigshandlingane. Hus, bruer, vegar og jernbane vart bomba og øydelagde. Livsvilkåra vart endra til det verre for dei fleste. Men utanom dei materielle hendingane vart det også ført ein ideologisk kamp, ein kamp mellom dei tradisjonelle norske verdiane og eit nytt verds- og menneskesyn som vart kalla nasjonalsosialismen, representert ved partiet NS. Relativt mange dølar vedkjente seg denne ideologien – og vart i stor grad utstøytte da tyskarane og NS tapte krigen. Nå når desse tinga er komne på såpass stor avstand, meiner vi at det er interessant å sjå nærare på kva for motiv, tankar og idear dei hadde dei som valde såkalla ”feil” side i den ideologiske kampen.

Under 2. verskrigen fekk NS mange medlemmer i Dovre kommune. Talet var så høgt at det gir Dovre ein tiandeplass på lista over NS-oppslutning norske kommunar. Gudmund Moren har teke for seg kvifor kommunen kom på denne plassen og beskrive framveksten og utviklinga av eit lokalt NS-lag i eitt av dei norske kjerneområda for NS-oppslutning, som Nord-Gudbrandsdalen var.

Dovre sentrum fotografert av Jørgen Elstad i 1930-åra.
Christian Bøbak frå Lesja – meisterfotograf og nasjonalsosialist: ”Ein kamp om menneskesjela” har Egil Ulateig kalla sin artikkel. Dei var mange og dei var hata og forakta. 90 000 nordmenn vart på ein eller annan måte fanga av det veldige nettet som styresmaktene kasta over landet vårt frå den 8. mai 1945. Vi kallar fangnettet for rettsoppgjeret. Fleire hundre av dei som vart dømte til fengsel, bøter, erstatning og tap av allmenn tillit, kom frå Gudbrandsdalen.

Christian Bøbaks vakre portrett av mora Kari. Fotografiet fekk mange prisar både i inn- og utland.

Utdrag av Paal O. Aukrust: Sjølvbiografi og kommunalsoge. Paal O. Aukrust var gardbrukar i Lom og ein sentral kommunalpolitikar i bygda i fleire periodar, frå han vart vald inn i kommunestyret 26 år gamal i 1909, til han vart ordførar for NS i 1940, og til at han på ny vart ordførar i bygda i 1951. I tillegg hadde han mange verv i ymse lag og organisasjonar i bygda. Det at han med ein bakgrunn som NS-ordførar vart vald att alt i 1951, viser at han hadde ein svært spesiell posisjon i Lom. Vi har med eit utdrag av eit skrift han gav ut i 1966, same året han døydde.

Paal O. Aukrust

Berre soldat eller nazist i uniform? har Dirk Levsen kalla sin artikkel om generalløytnant Hermann Hölter.

28. mai 1945 vart generalløytnant Hermann Hölter arrestert av heimefronten på Venabygdsfjellet. Tyskaren forklarte at han og fleire andre skulle leite etter eit havarert tysk fly i Rondane.

Dei fyrste dagane etter krigsutbrotet vart kalla ”panikkdagane”. Folk hadde dei harde trettiåra i ryggen, dei gjekk rett til banken for å ta ut pengane sine og vidare til butikkane for å hamstre alle slags varer. Bankane hadde ikkje store beløp liggjande, men nok til at det vart kaos på butikkane. Iver Forseth har skrive om svartebørsen i Gudbrandsdalen under krigen.

Styresmaktene gjekk hardare ut mot svartebørshandlarane i 1944. Denne plakaten vart sett opp på alle offentlege kontor, på bil- og jernbanestasjonar, ja, omtrent over alt. Plakaten vart laga av Harald Damsleth i 1944.

Øivind Solvik har skrevet ned sine minner som 13-åring fra april-juni-dagene på Dombås i 1940.

Restene av Nordrumhuset etter bombeangrep på Dombås sentrum.

Forfattaren Jan Magnus Bruheim frå Skjåk skreiv også ned sine krigsopplevingar frå aprildagane i 1940

Dei tyske flya kom over Tverrfjellet i Skjåk i aprildagane. Foto: Kristian Stakston

To jubilé

Det blir i år feira to viktige nasjonale jubilé – hundreårsjubileet for kroningsreisa og hundreårsjubileet for Noregs Mållag. Det er altså hundre år sidan den landsomfattande organiserte målrørsla vart starta. Denne rørsla er basert på Ivar Aasens store innsamlingsarbeid omkring norske dialektar og som førte fram til det nynorske målet. At Ivar Aasen også arbeidde mykje i Gudbrandsdalen, har ikkje vore så godt kjent tidlegare.

Kristian Hosar har skrive om kongeferda i 1906 som aldri blir gløymt. Hurraropa frå folkemengdene runga jamt frå fløytene i kongetoget skar i sør for Lillehammer til vognmann Iversens vognhjul trilla nedover Romsdalen tre dagar seinare. Gamal og ung, rik og fattig tok seg fram til veg og bane for å sjå kong Haakon, dronning Maud og kronprins Olav.

Æresporten Anders Sandvig sette opp utanfor heimen sin i Jernbanegata i Lillehammer.

Kongeferda sommaren 1906 vart ein folkefest dalen ikkje har sett maken til korkje før eller seinare. Dalen sto på ende, frå Lillehammer til Stuguflåten. Dette er æresporten Anders Sandvig sette opp utanfor heimen sin i Jernbanegata i Lillehammer. Midt på bildet Trond Eklestuen, som kong Haakon ønskte å treffe og få av ein prat med. Trond var den gode hjelparen til Anders Sandvig.

Turid Kleiva har skrive om Ivar Aasen i Gudbrandsdalen.

Storgata i Lillehammer nord for Mesnaelva i 1870-80-åra.

Ivar Aasen kom første gong til Lillehammer 28. august 1845. Byen imponerte han ikkje. ”Den bestaar af en Rad af Huse langs Postveien”, var karakteristikken hans. Nokre år seinare kom Aasmund Olavsson Vinje til Lillehammer, telemarkingen var like lite imponert av byen som sunnmøringen. Biletet syner Storgata nord for Mesnaelva i 1870-80-åra.

Liv og arbeid

I denne bolken finn lesarane artiklar om ymse emne frå historia i dalen, Håvard Teigen har skrive om bygdedyr i Loms-mørkret. Ei alternativ forståing av bygdesamfunnet på Tor Jonssons tid. Bygdedyret er døl og blir vanlegvis sett på som eit problematisk uvesen. I motsetnad til ulven blir ikkje bygdedyret forsvara verken av miljøvernarar eller saueeigarar. Men bygdedyret er betre enn sitt rykte. På den andre sida er det ikkje meir døl enn arvesynda og kjærleiken.

Tor Jonsson: ”Bygdedyret knirkar og går”.

Sonja Barth skriver om tufter etter falkefangst i Sør-Norge.

Falkefangerbua ved Råkåvatnet mellom Skjåk og Lom. Foto: Edv. K. Barth.

Trygve Hesthagen som arbeider i NINA, har skrive ein artikkel om bruk av fiskesleo i Vågå som har vore brukt ved minst 10 vatn og går mange hundre år attende i tid. Den siste ble brukt heilt fram til 1970. Fleire av sleone i Vågå stod inne i tømmerhus, og det står framleis slike hus i Frøyna ved Flatninga og i Ingulssjøbekken. Desse anlegga er i dag verdifulle kulturminne om ein gammal fiskemåte.

På utløpsosen av Lemonsjøen var det tidlegare eit godt sleostøe. Foto: Syver E. Sunde (1937).

Hallstein Hage, Torbjørn Hagen og Geir Paulsrud har tatt for seg allfarvegen gjennom Sør-Fron i mellomalderen.

Brua over Frya ved Dalen. Foto Geir Paulsrud 2006.

Brua over Frya ved Dalen. Brua er av nyare dato, men brustaden er gamal. Dette er den plassen det har vore lettast å byggje og halde vedlike ei bru over Fryaelva. Såleis er dette ein av dei stadene vi er rimeleg sikre på at vegen har gått i mellomalderen.

Jan Vidar Lie Pedersen har skrive om det første rutesambandet over Dovrefjell. Det gjekk statsstøtta diligence over fjellet, som kom heilt frå Lillehammer og gjekk fram til Støren og attende.

Den første bilen køyrde over Dovrefjell i 1908. Dette biletet frå Fokstua er tatt av Ragnar Solberg i bildomens unge år, men det er ikkje oppgjeve årstal.

Slaktedag har Rolf Vang kalla diktet sitt om griseslakt i gamle dagar.

Asbjørn Dahl har skrive om Torstein Lien frå Fåberg som han tok med seg i ein alder av nitti år, på tur til Revsjøane i Gausdal Vestfjell for å finne att steinen han vart avbilda ved i 1897. Møte med ein gjetargut av 1889-modell heiter stykket.

Gjetarguten Torstein Lien i 1897, åtte år gamal.

Ferdmannskvila Tolstadskriu på Lalm har Jakob Sagflaten skrive om.

Tyskarane er komne til Tolstadskriu i aprildagane 1940. Biletet er utlånt av Kjell Andersen.

Mange mennesker med røtter i Soknedaleni Sør-Trøndelag kan føre slekta si tilbake til Kjerstina Tronhus og Ole Sandbu, som slo seg ned på Sørbakken under Fossum i slutten av 1770-årene.. De kom fra Vågå, etter ei lang reise og et dramatisk oppbrudd som i den muntlige familietradisjonen har vært framstilt som et bruderov. Eli Johanne Ellingsve har forsøkt å kaste lys over hendingane og vise hva som skjedde, så langt kildene strekker til i artikkelen ”En brudeferd fra Vågå til Soknedalen på 1700-tallet”.

Fra Sørem nordover mot Lom. Midt på bildet Prestberget.


Return to top