Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Ymse glimt frå innhaldet i Årbok for 2007

75 årbøker om Gudbrandsdalen

Årbok for Gudbrandsdalen er komen med si 75. utgåve. Den første boka vart ugjeven i 1930. Gjennom 75 bøker har det vore 11 faste redaktørar. Lærar og skuleinspektør Martinus Høgåsen har lengst tenestetid, han styrte årbokarbeidet i 20 år frå 1945. Tre av redaktørane var nominerte som Århundrets Døl i 2000; Jan-Magnus Bruheim, Einar Hovdhaugen og Martinus Høgåsen. Redaktør Kristian Hosar har gjeve eit
tilbakeblikk på boka.

Utgåve nr. 1 av Årbok for Dølaringen i 1930.

Folk å minnast

Oddmund Kolden i Lom døydde i 2007. Han var mekanikar, oppfinnar, sjølvlærd ingeniør og sto bak mange tekniske nyvinningar og tiltak. Kristian Venås har skrive historia om tusenkunstnaren etter samtalar med Kolden sjølv, lydbandopptak, arbeidarane hans og omtalar i aviser.

Turistskyss til Leirvassbu på 1960-/70-talet. Ein kanadisk Muskeg bandvogn med tilhengar produsert av Oddmund Kolden.

Asbjørn Dahl har skrive om Erik Dahl, fødd i 1820, som sette spor etter seg i Fåberg. Han var aldri rådlaus anten det galdt å skaffa seg ein drivverdig gard, utvide og utbetre på ymse vis, skaffe seg ei dugeleg kjerring, bygge fiskeplassar, bru over Lågen eller ta ein lysttur til Trondheim.

Brunlaug bru vart bygd av Jens Håve og broren Erik Dahl etter flaumen i 1860.

70 år etter at Thor Heyerdahl og hans mannskap segla med balsaflåta ”Kon Tiki” frå Sør-Amerika til Polynesia, har Knut A. Nilsen funne ei turskildring i årboka til Ski-Idrettens Fremme der den seinare balsaskipparen på 22 år har ei frisk skildring av ein posestur gjennom Lesjafjella til Rondane. I tillegg har han illustrert sjølv, noko som viser at han hadde anlegg for meir enn strabasiøse turar.

I Romsdalsfjella var det ideelle føreforhold for ein trekkhund. Tekning: Thor Heyerdahl 1936.

Pål Kluften er kalla Per Gynt-stemnet far. Neste år er det 80 år sidan det fyrste stemnet vart arrangert. Per Ottesen har friska opp att kva som skjedde på dei to fyrste stemna og kva slags kar Pål Kluften var.

Gudlaug Rudi og Molfrid Kvernes song ”Solveigs sang” frå kapelltårnet i Sødorp under stemnet i 1932. I midten Pål Kluften. Postkortet er sermerkt: Kluften var både fotomodell, fotograf og utgjevar av kortet.

Jan Vidar Lie Pedersen fortel om Hans Nørstebø frå Dombås som var postførar i Gudbrandsdalen. Han var fødd i 1869 og gjekk i spora til faren som óg var postførar. I 1947 var Hans Nørstebø intervjua i NRK og noko av stoffet i denne artikkelen er henta derfrå.

Hans Nørstebø på Lesja med pistolen og posthornet etter bestefaren. Bestefaren måtte ta fram pistolen berre ein gong, på Sør-Fron.

William Duppa Crotch var knytt til Vågå og Klones innpå 30 år. For dei fleste er han likevel berre eit namn. Ivar Viste Flatum har skrive om denne interessante mannen, som var fødd i England i 1831 og hadde studert både entomologi og zoologi og som dessutan var ein habil målar.

Frå Sjårdalsvegen mot Sunde, Sundbrua og Klones. Akvarell av William Duppa Crotch i Norddalsarkivet.

Kunst og kultur

Gudbrandsdalen er rik på folkekunst og rosemålinga har vore av høg kvalitet gjennom meir enn 200 år. Kåre Hosar frå Maihaugen skriv om dette og at det no er ønske om å få registrert meir om denne målinga.

Framskap frå Haugje på Lesja, skore av Hans Jenstad tidleg på 1800-talet, overmåla tidleg på 1900-talet. Det eine feltet er delvis avdekka så vi ser originalmålinga. Både gamal og ny måling har interesse for prosjektet. Foto: Gaute Jacobsen.

Kirsti Krekling frå Maihaugen skriv om grafferstakken i mange variantar. Opphavet til bunadene frå 1900-talet finst på garden Graffer i Lom. Stakken har rikt broderi, og skriv seg frå andre halvdelen av 1700-talet. Han har vore grunnlaget for fleire bunader sydde fleire stader i landet. Mange av dei står relativt fjernt frå originalen, både når det gjeld materialar og broderikvalitet. Hausten 2004 avslutta Husfliden Lillehammer arbeidet med å rekonstruera grafferbunaden og fekk rosande uttale frå Bunad- og folkedraktsrådet.

Graffer øvst i Vårdalen i Lom fotografert av H.H. Lie sommaren 1906.

Det er mange vakre altartavler i Gudbrandsdalen og presten i Vågå, John Rustad, har skrive om tavlene til Johannes Skraastad som han tykkjer er av dei finaste.

Alteret i Vågåkyrkja. Foto: John Rustad.

1907 var året for store debutar i norsk litteratur og mellom dei som ein reknar til debutantane var, Johan Falkberget. Ingeborg Donali har teke for seg breva frå Falkberget til venen Inge Krokann i Gausdal. Krokann slo seg ned i Gausdal i 1930 og hadde ei utstrakt brevveksling med fleire kjende personar. Kontakten med Falkberget er underleg nok lite omtala i samanheng med Rørosforfattaren.

19 brev frå Johan Falkberget til Inge Krokann er samla på Nasjonalbiblioteket. Begge er måla av våre største portrettmålarar, Falkberget, til venstre av Harald Dal, Krokann av Agnes Hiorth.

Rolf Vang har denne gongen skrive diktet ”Fråfløtt-plass.”

Oppvekstår

Oppvekstkåra i dalen endra seg kolossalt gjennom 1900-talet. Økonomien var i stadig betring, og fleire og fleire fekk høve til å ta utdanning. Vi vender ofte attende til barndommen og barndomsminna. Tor Blekastad var nest eldst i ein barneflokk på sju i kunstnarheimen til Milada og Hallvard Blekastad i Åndsreppa i Østre Gausdal.

Selskap i Åndsreppa. Inge Krokann feirar 50-årsdag på Nord-Bjørge. Frå venstre doktor Martin Graedler, Follebu, Hallvard Blekstad, Tarjei Vesaas og Inge Krokann.

Jan Johnsgaard voks opp på ysteriet i Øyer 50 år før OL kom til Hafjell. Han ser tilbake på tida da leikeplassen var Riksveg 50 og Granrudmoen ein mystisk skog. Ungene måpte da Missis Boomer kom kjørande med ein neger bak rattet i den fine bilen på veg til Lom.

Vi gjekk på folkeskulen på Solvang, i dag ein del av turisttilbodet i Hafjellområdet.

Rapport frå eit hamskifte har Egil Ulateig kalla si barndomserindring frå Lesja der han har teke for seg kva slags krefter som påverka han dei fyrste barneåra. Det er samstundes ei reise til eit land som du aldri meir vil finne.

Artikkelforfattaren seks-sju år gamal og i ny kortbukse frå bestemor.

Liv og arbeid

Eit av dei meste kjente bileta i norsk sykkelhistorie er frå Røisheim i Bøverdalen. Ein kar på velociped har våga liv og lemmer og klart å kome seg fram til fjellbygda på to smale hjul. Han balanserer på sykkelen mellom fjellfolk og turistar. For ein som har prøvd å ta seg fram på ein slik farkost, er det berre å seia at turen var ei bragd. Jan Vidar Lie Pedersen har skrive om ein tur på to hjul gjennom Jotunheimen i 1919 etter ein artikkel av Alex H. Johannessen i bladet ”Sportmanden”.

Den klassiske syklisten i Jotunheimen fotografert på Røisheim i 1892. Foto: Axel Lindahl.

Asbjørn Dagsgard fortel om skogsdrift i Skjåk i 1950-åra. Dei siste 100 år har det skjedd store forandringar på mange område i samfunnet vårt, på somme område har nok dei fleste og største forandringane skjedd dei siste 50 åra. Det gjeld ikkje minst inna skogbruket. For 50 år sidan vart nesten alt skogsarbeid gjort med handmakt, og det meste av trevirket vart køyrt ut av skogen med hest.

Tømmerkøyring. Jon Tundrali slår pjeksar i tømmeret. Foto: Skjåk Almenning.

I 2007 er det 50 år sidan Stortinget la til side saka om regulering av Espedalsvatnet og Breisjøen. Saka vart heller ikkje tatt opp att av Stortinget som vart vald hausten 1957. Iver Forseth fortel om espedølane som gjekk sterkt imot reguleringa og vart støtta av dei to kommunane, Sør-Fron og Vestre Gausdal.

Restane etter smelteomnen på Verksodden i Espedalen i 1954. Dei verdfulle kulturminna på Verksodden vart berga mot kraftutbygging. I dag er kulturminnet i god stand, etter restaurering tidleg i 1990-åra. Foto: Gunnar Thuesen, Norsk Teknisk Museum.

For 35 år sidan vart skrønetradisjonen i Gudbrandsdalen presentert i radio og samla i bokserien ”Store veonder!” Torbjørn Mathisen (Tobben) illustrerte dei tre bøkene som kom ut. Arvid Møller har plukka ut eit knippe historier frå Sørdalen under tittelen ”Da Kvammen tålå utur hatta og ’n Ole vart full”.

Fyrste boka i ”Store venonder”-serien kom i 1972, med omslag og teikningar av Torbjørn Tobben Mathisen.

19. mai 2007 gjekk Dombås Hotell opp i flammar. Hotellet var karakterisert som det flottaste minnet om den klassiske hotellturismen i dalen; ein storgardsbygning teikna av Arnstein Arneberg. Kristian Hosar har laga ei oversikt over dei fleire enn 30 hotella og sanatoria som har vortne lagde i grus i Lillehammer og Gudbrandsdalen gjennom 100 år.

Den voldsomme brannen på Dombås Hotell 19. mai 2007. Foto: Vidar Heitkøtter.


Return to top