Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Ymse glimt frå innhaldet i Årbok for 2008

Redaktør: Kristian Hosar

Kunst og kultur

Etter at Sigrun Slapgard hadde gjeve ut den store Sigrid Undset-biografien i fjor, dukka ukjende Undset-brev opp. Slapgard fortel om korrespondansen med den finske forfattaren Jarl Roberg Hemmer gjennom 25 år og kva dette hadde å seie for Undsets eiga dikting.

Skriveplassen på Bjerkebæk slik rommet sto medan sonen Hans og svigerdottera Christianne budde der.

 

Mange har spurt Ivar Viste Flatum om kven Ola i boka ”Tre i Noreg” er. Her fortel han om personen frå boka, som var oldefar hans, og litt om kva han elles dreiv med.

På tilbakevegen frå Russvatn øvst på Gloptind. Fotostat frå den norske utgåva til Aventura i 1988.

Egil Ulateig fortel om Paul Bøe frå Lesja, ein ukjend bilethoggar som mellom anna utsmykka Nidarosdomen. Han døydde ung i ei drukningsulukke i Oslofjorden.

Paul Bøe var assistent da Brynjulf Berngslien skapte Karl Johan-statuen utanfor Slottet og gjorde det meste av det fysiske arbeidet slik tradisjonen var.

Asbjørn Dahl har laga eit portrett av kulturmennesket i Åndsreppen i Gausdal, Nils Bjørge.

Nils Bjørge med omsetjinga av Peer Gynt til gausdøl i 1981.

I 1996 var det rydda opp i heimen etter Olav Åsmundstad i Kvikne. På kistebotn fann dei to brev frå Bjørnstjerne Bjørnson til Kristofer Janson som Per Åsmundstad har laga utdrag frå.

Kristofer Nagel Janson var fødd i Bergen og var ein nær ven av Bjørnstjerne Bjørnson og båe hadde stor respekt for kvarandre.

 Kristian Hosar fortel om Henrik Wergelands reise gjennom Gudbrandsdalen over Sognefjellet i 1832. Wergeland var ingen fjellets mann og opplevde Fanaråken som ”en kullsvart likkiste”.

Graffer i Lom, der Henrik Wergeland måtte få låne seg betre klær for å tåle sludd og regn.

Ivar Viste Flatum har skrive om treskjerar Per Haugen frå Skogbygda i Vågå som laga preikestolen i Skåbu kyrkje etter fyrst å ha skore altartavla. Han har og skore mange andre ting, men Skåbuinteriøret er det einaste komplette kyrkjearbeidet han laga.

Detalj av preikestolen i Skåbukyrkja, teikna og utført av Per Haugen i 1930-31. Fargelegging ved Halfdan Davidsen. Foto: Ivar Viste Flatum.

Gråtassen har vore inspirasjon for eit dikt av Rolf Vang.

Folk og hendingar

Da Jesus kom til Lesja, har Egil Ulateig kalla artikkelen om korleis Jesu frelse kom til fjellbygda hans for rundt 150 år sidan og korleis han sjølv vart frelst ein haustkveld på den gamle folkeskulen i Bø krins. Da Egil kom heim til mor si og vekte ho med den glade bodskapen, sukka ho tungt, snudde seg burt med orda: ”Kva trur du folk vil seia om det?”

To store vekkingspredikantar frå Lesja: Peder Nordsletten t.v. og Jacob Traasdahl t.h.

Asbjørn Dahl skriv om ein fargerik fåberging, Sverre Moringen, som døydde i 2005.

Muntert rundt kaffibordet etter kongemiddagen på Huse i Fåberg i samband med Ski-NM i 1960. Fremst Sverre Moringen med Kari Huse på fanget og til venstre kong Olav. Foto: Hans T. Løkken, Thorsruds arkiv, Lillehammer.

Erik Holø fortel om Ella Maria og Johannes Partapuoli som kom frå nord og slo seg ned i Bråtågrenda i Skjåk.

Ein ungdommeleg Partapuoli-familie fotografert på Grotli. Originalen tilhøyrer Gunnar Partapuoli.

Gardsturisme i Gudbrandsdalen er ikkje noko nytt. I langt over 100 år har nordmenn og utlendingar kome hit og leigd seg inn på gardar for å nyte naturen og kulturen. Familien Wilson frå England kom til garden Bragelien på Sjoa med ni personar og familiefaren førte dagbok. Gjennom denne får vi vite korleis han og familien opplevde Sjoa og Nord-Gudbrandsdalen denne sommaren. Artikkelen er skriven av Randi Bragelien og Arnfinn Engen.

Engelskmennene meinte at Otta såg ut som ein western-by.

Arvid Møller fortel om Olga Brobakken som var ein av dei fyrste han oppsøkte da han arbeida med boka om dei gamle sætrene og sæterlivet i Heidal.

Olga Brobakken og Mari Aaseng i Nordre Prestgardsætra i 1943.

 Liv og arbeid

Trygve Hesthagen tek for seg bruk av ymse fiskereiskap i Lesjavatna og at fisket har hatt stor betydning for mange i bygda.

Sigrun og Svein Romslo på Midti Lyftingsmo viser fram risset av ein aure frå Lesjavatna på mellom 12 og 13 kilo. Foto: Per Jordhøy.

Øyer er ei av landets største hyttekommunar. Palass på hundrevis av kvadratmeter veks opp i Hafjell. For 90 år sidan skaffa ei ung åleinemor frå Lillehammer seg hytte i Tretten vestfjell. Hytta på sæterstulen Roåker var på rundt 15 kvadratmeter og har vore til stor glede for fem generasjonar i familien. Yngste dotter til den unge enka, Ragnhild Fjeld, f. 1914, fortel om hyttelivet på Roåker for 90 år sidan.

Hytta Haugtussa på Roåker og artikkelforfattaren med mor, søster og tante.

Jan Vidar Lie Pedersen skriv om den fyrste prøveturen med automobil i Gudbrandsdalen sommaren 1896. Pionerane ville setje i gang rute mellom Tretten og Veblungsnes. Vegane rundt hundreårsskiftet var ikkje bygde for motorisert ferdsel så mekanikaren/sjåføren måtte nøye seg med å køyre mellom Tretten og Ringebu. Først fem år seinare kjørte ein automobil frå Gudbrandsdalen til Romsdalen. Da starta dei frå Otta i september 1901.

Datidas vegar var ikkje bygde for biltrafikk. Vegen nedover frå Stuguflåten, Bjørnkleivane, mot Ormheim.

For 35 år sidan vart skrønetradisjonen i Gudbrandsdalen presentert i radio og samla i bokserien ”Store veonder!” Torbjørn Mathisen (Tobben) illustrerte dei tre bøkene som kom ut. Arvid Møller har plukka ut eit knippe historier frå norddalen under tittelen ”Kålå’kje ut de’ nå, din satan!”.

Fyrste boka i ”Store venonder”-serien kom i 1972, med omslag og teikningar av Torbjørn ”Tobben” Mathisen.

 Andre verdskrigen

Hjørmund Kummen, 1916-2000, var fødd og oppvaksen i Skjåk. Han levde 55 år i Canada og USA der han hadde leiande stillingar i fly- og krigsindustrien. Våren 1940 var han stasjonert på Kjeller som ”vakthavande offiser”. Korleis han opplevde dei fem krigsåra, fram til han dukka opp att i heimen sin på Marlo, får vi eit innblikk i denne artikkelen som nevøen Gregor Kummen i Tønsberg har skrive av frå ein kassett som Kari Hånsnar tok opp i 1988.

Hjørmund Kummen som flygar under siste krig.

Mange tragediar følgde i kjølvatnet av krigen. Både tyskarane som okkuperte landet i fem år, og nordmenn som måtte ha kontakt med soldatane og tyske styresmakter, kunne bli involvert i lite hyggelege hendingar. Eivind Heide har skrive om tysk-norsk kjærleik i Skjåk og kva det førde til.

Kurt Heimlich trefte budeia på ei av sætrene ved Liavatnet i Skjåk.

Kringen i 1612

Mot 400-årsminne i Kringen. Diskusjonen om kva som bør markerast og korleis, har starta. Jubileet i 1912 var storslege, men mykje har endra seg sidan den gong. Tre forfattarar har vurdert Guri. To tek for seg soga og kor sann ho er, den siste går ut frå at ho er historisk, og har eit anna utgangspunkt for sine vurderingar.

Ivar Teigum har kalla sin artikkel ”Pillarguri – symbol for kva?” Ho dukkar fyrst opp i skriflege kjelder på 1830-talet.

Sjur A.F. Lonbakken fortel om korleis slaget i Kringen seinare skulle bli brukt i kampen for norsk sjølvstende i tida før 1814. Edvard Storms vise om Sinclair og skottetoget vart sunge på skulen, og slaget vart brukt som eit døme på norsk sjølvhevding og kamp mot framand styre.

Rolf Rasch-Engh er militærhistorikar og har vurdert haldet i historia om Kringen-slaget og Prillar-Guri ut frå sin ståstad.


Return to top