Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Ymse glimt frå innhaldet i Årbok for 2009

Redaktør: Kristian Hosar

Kunst og kultur

Barbro Tronhuus Storlien har fortalt om prestefrua i Vågå (sjå framsidebilete) som var syster til diktaren Edvard Storm. Ho fekk tilsend stoff og mønster av broren, og for 250 år sidan kledde ho seg i siste mote frå kontinentet i den avstengde Ottadalen.

Edvard Storm, 1749-1794.

Redaktøren har funne stoff i avisa Gudbrandsdølen gjennom åra om feiringa av Knut Hamsuns runde år. Det blir fortalt om 50-årsdagen, om fødestaden til forfattaren og vitjinga i fødebygda mange år seinare. Det blir også fortalt om Hamsuns møte med Hitler på Obersalzberg i Sør-Bayern.

Knut Hamsun på Lillehammer i 1895 da han var gjest på Balberg Sanatorium. Her er han saman med målaren Johannes Müller, songarinna Lund (bak) og frøken Konow.

Erik Holø fortel om Ole Brækken Damstuen, 1871-1933, som var med og bygde Sundbrua over Vågåvatnet i 1916 og om sonen Johannes Damstuen som snekra møbler til Skaugum.

I denne vesle verkstaden i Vågåmo vart dei flottaste møblar laga til landets mest fornemme kjøparar.

 Noko å dele har Rolf Vang kalla sitt dikt til årboka i år.

Krig og våpen

Egil Ulateig har vore i Tyskland og studert kor mange tyske soldatar som eigentleg mista livet i Gudbrandsdalen under kampane i 1940. Han meiner at dei tyske tapstala, særleg i Kvam, har vore sterkt overdrivne i norske framstillingar av hendingane.

General Richard Pellengahr, nummer to frå venstre, etter at kampane i Kvam var over. Til høgre oberst von Zanthier, kommandør for Infanteriregiment 349. Tysk foto frå privatarkiv.

Ole Bjerke frå Sør-Fron fortel korleis det var å vekse opp i ei bygd i Gudbrandsdalen med foreldre som var medlemmer i Nasjonal Samling.

Nils Bjerke saman med barna Anton, fødd 1933, Asta fødd 1931 og Ole, fødd 1934.

 Rolf Rasch-Engh tek for seg dei gamle offisersespontonene og kva dei var brukte til. Han har og laga ei oversikt over dei espontonene som vi kjenner og om regimentsmerkinga dei har.

Offisersesponton frå Sandbu i Vågå. Eigar var nyleg avdøde Kjell Holm frå Ålesund. Foto frå Rolf Rasch-Engh. 

Samferdsel og utbygging

Dei fyrste bilane møtte motstand. Bråkande motorar skremde dyra. Vegane var ikkje bygde for autombilar. Møtet med det nye vidunderet er levande skildra av Olav Aukrust i ”Bil-beistet” frå 1926 og Jan Vidar Lie Pedersen fortel om både knust glas og ljåblad i vegen i Gudbrandsdalen for å stoppe bilane.

Tidleg og innhaldsrik lastebiltransport på Otta. Sjåfør er Ola Plassen, ein legende mellom turistsjåførane i Gudbrandsdalen.

Asbjørn Dahl skriv om Olav Aspesletten, 1882-1976, som bygde opp Gausdal Bilselskap.

Olav Aspesletten med selskapets Cadillac E-101 brukt til snøbrøyting i 1927. Foto frå boka Gausdal Bilselskap og busstrafikken.

Da det i året 1900 vart oppretta postrute gjennom Sjodalen, vart Johannes Løkken frå Tessand tilsett som postkøyrar. Brevhuset på Bessheim fekk navnet ”Besheim” med ein s. 10 år seinare vart namnet endra til ”Bessheim” med to s-ar. Da hadde brevhuset ein sesong som vara frå 1.juli til 15. september. Arvid Møller fortel om ”Postruta gjennom Sjodalen”.

Postførar Johannes Løkken i Sjodalen fotografert mellom glade turistar på Bessheim.

Til midt på 1950-talet var Ånstad kommunesenter i Skjåk. Området på begge sider av riksveg 160 hadde det meste av det ein tettstad måtte ha den gong. På 50 år er alt lagt ned eller flytta til Bismo. I dag er berre samvirkelaget att. Kristian Hosar har skrive artikkelen om da Ånstad var sentrum i Skjåk.

Ånstad-butikken da Skjåk Samvirkelag tok over i 1937. Foto: Kristian Stakston.

 Folk å minnast

Iver Forseth fortel om Morten Nielsen Gran og Thranerørsla i Gausdal. Nielsen Gran (1814-1902) var ein av leiarane av rørsla i bygda. Det fyrste arbeidarlaget i Gausdal vart stifta 29. mars 1850, da hadde Marcus Thrane vore på besøk nokre dagar før.

Sverre Gran i døropninga i Granstugua der Marcus Thrane sto da han tala i den stappfulle stua.

Få har i seinare år gjort så mykje for å få fram bygdekulturen som dovringen Børt-Erik Thoresen. På 1960-, 70- og 80-talet laga han ei rad program der folkemusikk, gamaldans og norsk kultur var hovudtema. Uttrykket ”med nogo attåt” vil for alltid vere knytt til songaren, skodespelaren og fjernsynsmannen frå Dombås. Kristian Hosar har skrive om dovringen som gjorde bygdekulturen populær.

Søskenparet Åse og Børt-Erik Thoresen fotografert i januar i 1987 under eit opptak til siste programmet dei hadde saman. Systera Åse døydde brått i 1987, 51 år gamal, Børt-Erik fylte 77 år i 2009.

Asbjørn Dahl har intervjua Marie Bjørgen i Vågå. Ho er 95 år, men tindrande klår i hovudet og fortel levande om alt ho opplevde som diakonisse gjennom eit langt og innhaldsrikt liv.

Marie Høgåsen Bjørgen, fotografert på aldersheimen i Vågå sommaren 2009. Ho held eitt av dei rundt 100 bileta ho har laga med ull som materiale.

Liv og arbeid

Bybudeier på Dovre har Agnethe Weisser kalla biletserien frå ho og venninna ein sommar på 1970-tallet tok seg feriejobb. Sjølv om setra var vakker som eit nasjonalromantisk måleri, var tilveret slett ingen dans på roser for to jenter frå byen.

Brukarane Ingvald Sæterdalen og Ola Lilleløkken kom opp for å hjelpe budeiene når mjølkemaskina slo seg vrang eller halve geiteflokken forsvann i fjellet.

Fleire av turiststadane i Ottadalen bygde eigne kraftverk i åra før og etter andre verdskrigen. Arvid Møller fortel om turistvertane som tok skeia i eiga hand for å skaffe seg straum og ein betre og lettare kvardag.

Kraftverket til Pollfoss ved Ottaelva har ikkje vore i bruk sidan vinteren 1963/1964.

Sigurd Ile har bladd i ei gamal dagbok og fotoalbum og fortel om da han som 16-åring drog på sykkeltur gjennom Jotunheimen. Turen var inspirert av boka ”Tre i Norge ved to av dem”.

Steinbua ved Memurubu hadde fire sengeplassar.

Eit 60-års skøyteminne frå Dovre har Leif T. Hage kalla ei OL-samling på Fokstugumyra i 1947-1948. Der var tidas norske skøytestjerner på plass.

Skøytesamling like etter krigen. Det er uklårt kvar fotografiet er tatt. Nummer ein frå venstre er Arne Larssen, nr. 3 Henry Wahl, nr. 5 Reidar Liaklev, nr. 6 Odd Landberg og nr. 7 Sverre Farstad eller Ivar Ballangrud. Utlånet av Sigurd Larssen, Bessaker.

Kristian Venås har fortald om det første opne natur- og miljøvernkunset i landet på Soleggen fjellstugu i Lom. Venås var kursleiar der i 25 år og knytte til seg mange kjende folk inna natur- og miljøvern.

Naturmennesket Olav Gjærevoll tok seg ein kvil på kaffiplassen. Foto: Arnulf Ringstad

Lisbet Lid Venås fortel om Sisselrot i diktform

Trygve Hesthagen har skrive om fisk og bygsling i Rondane og korleis Rondvatnet og Illmanntjørn både har vore fisketome og blitt kultirvert til gode fiskevatn att.

Forskarane Randi Saksgård og Leidulf Fløystad frå NINA i Trondheim tok i 2004 prøver av den overraskande store røyefangsten i Rondvatnet. Foto: GD

Heid Gjøstein Resi og Einar Østmo har leia utgravingar av fangstplassar i Lesja og kaller det dei fann ”eit funneventyr ved Aurjømagasinet”.

Skiferkniver frå Aursjømagasinet. Teikning: Tone Strenger

 


Return to top