Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Ymse glimt frå innhaldet i Årbok for 2010

Redaktør: Kristian Hosar

Natt ved Kristen-stein er diktet Rolf Vang byrjar årets årbok med.

Andre verdskrig

Egil Ulateig fortel om det eventyrlege livsløpet til Israel Krupp (1908-1991). Den norske jøden vart kjend idrettsmann, krigshelt, kald krigar, hemmeleg agent, gründer av fleire fabrikkar – og bonde på Søndre Tofte i Sør-Fron. Framleis er store delar av livet hans innhylla i ei skodde av halvkveda viser, truleg akkurat slik denne merkelege mannen ynskte sjølv.

Israel Krupp i fjerde tropp av KP IV i Reservepolitiets feltbataljon VII. Foto frå Jødisk Museum.

Arild Teigen har teke for seg krigsskadane i Kvam i 1940 og katastrofa som råka bygda. Knapt eit uskadd hus vart attståande og erstatningane var svært dårlege.

Lite var att av Teigabua/Killibua etter krigshandligane. Foto frå Gudbrandsdal Krigsminnesamling.

Kristian Hosar fortel om aprildagande 1940 da Noreg vart styrt frå Otta og Vågå. Konge, kronprins, statsminister og store delar av regjeringa heldt statsråd fleire stader i dalen på flukt frå krigsherjingane. Stoffet byggjer mykje på dagboka til Kronprinsens adjutant Nikolai Ramm Østgaard.

Klærne Kongen og Kronprinsen fekk tak i på Otta, var i minste laget. Særleg er genseren til kong Haakon trong og stutterma. Dei to andre på biletet er Johan Anker i midten og Oswald Nordlie bak. Foto: N.R. Østgaard, utlånt av Einar Østgaard.

Leif T. Hage skriv om skjerfet til far sin som ein tysk soldat tok med seg frå Dovre. Skjerfet vart som ein lykkeamulett for tyskaren. Nå er det sendt attende til Dombås og har fått plass i Dovre krigsminnesamling.

Daverande korporal og maskingeværskyttar Gerhard Broder heldt saman med troppa si høgde 533 mot alle norske angrep. Krigsbytte var eit norsk skjerf.

Felttoget i Sør-Norge var utan tvil i 1940 eit vonbrot og ein fiasko for britane. Men er det slik i ettertid? I to veker hadde nær 10.000 mann vortne landsett ved Namsos og Åndalsnes. Dei bart transportert over store avstandar, kjempa ei rekke harde strider, for deretter å gå tilbake og til slutt bli trekt heilt ut. Tyskarane gav britene ein moralsk fordel, meiner Rolf Rasch-Engh.

Dei britiske soldatane får utdelt saueskinnspelsar før overfarten til Norge. Foto frå Gudbrandsdal Krigsminnesamling i Kvam.

Sommaren 1971 ferierte rustningsministeren til Hitler, Albert Speer, i Gudbrandsdalen. Den fasjonable bilen hans vekte meir oppsikt enn nazi-toppen, som knapt fem år tidlegare var frigjeven etter 20 år i Spandau-fengselet i Berlin. I det offisielle Norge vart det stort oppstyr da besøket var kjent, skriv Kristian Hosar.

Albert og Margret Speer saman med førådskona Inga Prestgard på Kruke i Heidal. Foto: Karl-Anders Hovden.

 Folk å minnast

 Oddbjørn Evenshaug fortel om ein døv skomakar frå Tretten som utvandra til Amerika og gifta seg med Isabella J. Drake. Ho var og døv. Den særeigne vielsen fikk La Crosse Tribune til å referere saka på førstesida. Lars Guttormsen som tretlingen heitte, var ein person med store evner.

Lars eller Louis som han heitte i Amerika, utanfor huset sitt. Foto utlånt av Iris Lambert.

Iver Forseth har skrive om Toftsætra i Gausdal og budeia Ragnfrid Toft og alt slitet hennar.

Ragnfrid på veg heim til bygda med kyrne i 1990. Dei er er komne til området ved Astribekken. Det var om lag fire mil å gå, og turen tok 13-14 timar. Foto: Arnulf Slåen.

Turid Kleiva skriv om oldemor si, Pauline Andreasdatter Skaffloth, som var fødd på Skafløtten i Ringebu. Ho utvandra saman med mor si, som var enkje, og syskena sine for å finne levebrød vestanfor.

Bruket Søre Skafløtten, Svein og Theodor Skafløtten dreiv bruket til 1988, då det vart selt til Ringebu kommune. Foto: Turid Kleiva.

Iver Forseth har skrive om Torbjørn Mathisen, Tobben, 1935-1985, som var eit kunstnarisk medmenneske som like å spreie humor og glede rundt seg.Han var ein kulturarbeidar med eit svært vidt arbeidsfelt. Mange hugsar han særleg for Ukestrekene i G og LT på Lillehammer.

Torbjørn Mathisen som Bjørnstjerne Bjørnson i eit juleselskap på Forr sist i 1970-åra. Bilete frå fotosamlinga til Kari Bay Haugen.

Ivar Lunde frå Vågå og Polen måtte være den fødde diplomat. Erik Holø skriv om kosmopolitten . Gjennom eit langt liv møtte han sine medmenneske med det glade, tolerante og samtidig litt melankolske smilet sitt, skriv forfattaren.

Ivar Lunde levde iet langt liv i diplomatiets teneste. Fotografiet med Lunde til venstre er truelg tatt i Bagdad i 1950-åra. Erik Holø har skaffa bildet.

Kunst og kultur

Gaute Elvesæter Helland fortel om målaren Gustav Wentzel som i mange år budde i Ottadalen. Ei lang vandring til Vågå og Lom, ein stutt biografi, eit lite 150-års minneskrift, og noko om den næraste familien til Nils Gustav Wentzel, har Helland kalla artikkelen sin om ein av dei fremste i den norske kunstnargenerasjonen frå 1880-åra.

Familien Wentzel i Furuheimi Lia i Lom rundt 1920. Gustav på tråppa med barnebarn. Frå venstre ved muren: Bjørn og kona Eva König, Jørgen og kona Magnhild f. Prestjordet. Bilete frå Aase Marstein, Haukdalen.

Kristi Krekling har skrive om bunader på postkort frå Gudbrandsdalen. Slike kort med bunadsmotiv er samleobjekt. Turistnæringa var først ute med produksjon av dei for meir enn 100 år sidan.

Drakta på dette kortet er brodert, gjeve ut av firmaet Colorama. Lom stavkyrkje er motiv på eit utal postkort som bakgrunn og som hovudmotiv. Her har kyrkja fått liten plass – mest som ein liten dekorasjon i hjørnet. Jenta i ei fantasidrakt er hovudmotivet. Kortet er produsert i slutten av 1960-åra eller i byrjinga av 1970-talet.

I januar 1929 kom forfattaren og kulturaktivisten Hulda Garborg til Vågå. Der budde ho i bortimot fire veker hos Synnøve og Tor Sandbu på Nedre Lunde. Ivar Teigum skriv om desse vekene i Vågå.

Hulda Garborg under ei reise til Hjerkinn.

 Lisbet Lid Venås har skrive diktet ”I Kvanngrøfjell”.

 Det er 200 år sidan Ole Bull vart fødd. John Rustad har skrive om Bulls tilknyting til Gudbrandsdalen, der det framleis lever fjerne slektningar av han.

Ole Bull, bergensaren og verdsmannen med anar i Vågå, er heidra med flott jubileumsfrimerke.

Den som opnar lokket på ei gammal kiste, får ein sjeldan gong auge på bilde på papir som er limt fast på innsida av lokket. Vi ser at bilda er gamle, for fargane er falma så mykje at det nesten er uråd å skjøne at dette ein gong var bilde med fargar som det var morosamt å sjå på. Slike bilde er ofte skadde, dei har rifter, er bretta, og hjørner og kantar er borte. Men trass alt ber dei alderen nokså godt. Bilda som vi kallar kistebrev, er over 200 år gamle, og dei fleste kom ein gong den lange vegen frå København. Tidlegare førstekonservator Tord Buggeland på Maihaugen tar for seg kistebrev som er registrerte i Gudbrandsdalen.

Kistebrev ble også sett i ramme og hengst på veggen. Dette er frå Vågå, nå på Maihaugen.

Samferdsel og næringsliv

 Erik Holø fortel om 135 handverkstradisjon i Vågåmo, smeden på nordre Finnbroeenden og anlegget i Blessomøyen som ble jamna med jorda i 2008.

Reidar Berg bruker mange fristunder i den lille smia på Nilsløkken. Han største oppdrag har nok vært smiarbeidet til kirken på Vestmannaeyar som Noreg gav i 1000-årsgave for kristninga av Island. Foto: Kristian Hosar.

Jan Vidar Lie Pedersen skriv om beltekjøretøy i Gudbrandsdalen der vintertrafikken på turiststadene starta tidleg på 1900-talet og kravde motorkjøretøy som kunne frakte gjester innover på snøføre.

Åmund Elvesæter (1910-2005) prøvde seg tidleg med beltekjøretøy i Jotunheimen. Dette er frå forsøket med turistruter til Storjuvbreen. Ferda vart rekna for så risikabel at Åmund sjølv måtte vere med på kvar tur. Fremst på traktoren var det plassert tre stolar. På denne turen ser ein Aftenpostens sjefredaktør Reidar Lunde lengst borte i biletet. Foto frå Elvesæters bok ”Mi stund i Fjellheimen”.

Liv og arbeid

Asbjørn Dahl fortel om det verna Lågen-deltaet der ikkje berre Stor-ofsen har sett spor.

Helleristing i Drotten nord for Brunlaugbrua. Dyrebileta i bergveggen er rissa inn for om lag 4000 år sidan. Foto: K. Hosar


Return to top