Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Ymse glimt frå innhaldet i Årbok for 2011

Redaktør: Kristian Hosar

Daglegliv

Ei tragisk sjukehistorie frå Vågå. Gunnhild Holmen fann brev etter oldemor si, Kari Ryen, som ho skreiv til familien medan ho var pasient på Rikshospitalet i 1912. Ho skriv om opphaldet og behandlinga ho fekk. For 100 år sidan var magesår ein alvorlig sjukdom. Kari døydde på Rikshospoitalet, heime i Vågå sat mannen og åtte ungar att, den minste berre fem år gamal.

”Rikshospitalet, Kvindelige Sykesal 1ste etasje, Kirurgiske Afdeling”

Øystein Rønning Johansen fortel om dei store arkeologiske funna som blir gjorde i Sør-Fron i samband med utbygginga av ny E6 gjennom dalen.

Arkeologer i arbeid med såkalt maskinell sjakting på Jetlund i SørFron.

Kven skulle trudd at rinskvin, østers og skilpadde var på bordet i Ottadalen på 1700-talet? Cæcilie Stang har funne kokeboka til Christine Storm Munch på Statsarkivet i Hamar og fortel om livet i prestegarden for over 200 år sidan.

Kokeboka til Christine Storm Munch som ligg i Statsarkivet i Hamar.

Iver Forseth skildrar eit råk frå Fåberg til Gausdal Vestfjell. Fine turvegar den dag i dag, men dei gamle vegane i Gausdal var så dårlege at dei knapt kunne brukast med kløvhest.

Gina og Sigurd Arlien på tur heim til Rudsbygd, buferdsdagen 1945. Dette var siste året budrotten vart kjørt heim på denne måten, året etter starta Gausdal Bilselskap mjølkerute til Skjellbreia.

Folk å minnast

Marcello Haugen var rådgjevar for mektige menn i Europa før 1. verdskrig. Både keisar Franz Josef og general Paul von Hindenburg søkte råd hos vismannen. Trond Feiring skriv om at ein lokomotivpussar frå Otta vart tatt imot i dei høgste krinsar på kontinentet.

Marcello Haugen som lokomotivpussar i NSB og kom til Otta i 1900.

Då Dagblad-grunnleggjaren Hagbard Emanuel Berner skulle gifte seg med Selma Hovind frå Trondheim, vart dei ikkje samde om kvar bryllupet skulle stå, så dei møttest på halvvegen i Øyer. Det enda med ein original feriestad i Liesgrenda som ennå er i bruk av familien, fortel Camilla Berg Hansen.

Hagbard Berner var blant mykje anna Dagbladets første redaktør.

Rolf Rasch-Engh har funne fram til dokument om ein 12 år gamal gut i Fron prestegard i 1696. Ingen ringare enn Ludvig Holberg som foreldrelaus skulle tenestegjere i Søndre Gudbrandsdalske kompani medan han budde hos moras fetter i prestegarden. Alt da var den store diktaren ein skarp iakttakar.

Fron prestegard frå 1808, fotografert i 1935. Garden brann i 1942 og vart bygd opp att i 1947.

På Dovre levde det på 1600-talet siamesiske tvillingar, to systre som vart kjende avdi dei var så flinke til å veva. Arnfinn Engen fortel om Hekne-systrene, som var knytt til kvarandre heile livet.

Anders Sandvig kunne få overta eit gamalt teppe på Dovre, men hadde ikkje pengar til handelen og teppet vart seld til Trøndelag. Ifølgje Sandvig skal teppet ha vore laga av Hekne-systrene.

Tettstader

Vålebru i Ringebu er kalla landets minste by. Sommaren 2011 fekk tettstaden Statens Miljøpris. Asbjørn Haverstad fortel om framveksten til Vålebru og kven som eigde dei ymse husa. Artikkelen er rikt illustrert med gamle fotografi av Jørgen N. Elstad.

Ringebu Hotell har hatt ulike namn gjennom åra. Fotografi frå Hagens Hotel i 1948.

Herleg kvile og velsmakande mat i 70 år, har Gunnar Arne Løvlund kalla soga om Frichs kafeteria som på mange måtar også er utviklinga av Dombås sentrum.

Dette fargebildet syner kor mykje Dombås sentrum har endra seg på 50 år. Frichs Conditori til høgre. Bildet er teke på slutten av 1950-talet.

Jubileer

Hausten 2012 er det 400 år sidan dei dramatiske hendingane i Kringen i Sel. Geir Neverdal skriv om Kringen i norsk historie og markeringane som har vore tidlegare.

Folk samla i skråninga ovanfor Riksveg 50 til feiring i 1962.

I 2014 er det 200 år sidan Norge fekk si eiga grunnlov. Eit forskningsprosjekt ved Opplandsarkivet vil finne ut korleis vanlege folk i Oppland såg på det som skjedde den gong og oppmodar folk om å vere med. Tore Pryser ved Høgskolen i Lillehammer skriv om kva dei har funne ut og korleis du sjølv kan bidra.

I 1914 var det ei storslagen feiring av 100-årsjubileet for Grunnlova. Dette flotte kortet med Mor Norge og Enige og tro til Dovre falder! er teikna av Christian Magnus og vart gjeve ut av postkortprodusenten C. A. Erichsen i Christiania.

I år er det og 100 år sidan ”mytteriet på Jørstadmoen”. Erik Holø fortel om 12. kompani av 1. Gudbrandalske linjebataljon av 1. Akershuske Brigade og kaptein Sagen og andre kjente dølar – og bataljen dei skapte på ekserserplassen i Fåberg.

Sersjantar på Jørstadmoen i tida da ”mytteriet” fann stad.

Samferdsel og reiseliv

Jan Vidar Lie Pedersen fortel om heidølen Ola Pladsen, som var sjølve kongesjåføren i norddalen, både under lukkelege, triste og dramatiske omstende.

Kronprins Olav på Otta stasjon i1928, på veg til Bøverdalen og skiferie i Jotunheimen. Ola Pladsen festar skiene på biltaket.

Visste du at det har vore bilproduksjon i Ottadalen? Det skjedde på Fossbergom i Lom etter krigen. Arvid Møller fortel om Steinar Skaansar som bygde sin eigen bil den gong det var for dyrt å kjøpe.

Steinar Skaansar og bilen han bygde, fotografert på Sognefjellet.

I Årboka for 2010 hadde vi ein artikkel om bunadsmotiv på postkort frå Gudbrandsdalen. Vi gav att eit kort med fem jenter i bunad framfor ei høyhesje med ein hest mellom seg. Jentene dukkar også opp på eit kort av Lomskyrkja. Redaktøren har fått brev og telefonar frå fleire som veit meir om jentene, mellom anna Elisabeth Tostrup Røssum i Øyer, som var avbilda. Ho fortel om at flokken med Øyer-elevar, som på postkorta både vart lomværar, Geiranger-jenter og hardingar.

Elisabeth Tostrup Røssum med biletet frå Geiranger der dei er omtala som Hardanger-jenter.

Hendingar

Steinar Åge Brenden fortel om Storofsen og andre storflaumar i dalen.

Det gjekk hardt ut over hus, vegar og jorde ved Byre i Lom i 2006.

Kunst og kultur

Jon Ødegård har skrive om Leif J. Melgaard frå Sør-Fron som utvandra til Minnesota og vart ein kjend kunstnar i treskjering der han budde til han døde.

Den store stunda for Leif Melgaard da han i 1985 tok imot den eineståande heideren «The National Heritage Fellowship Award» på Capitol Hill, Washington D.C.

Hans Erik Kjosbakken i Skjåk vil gjerne vite meir om kunstnaren Halvard Storm som på 1920- og 1930-talet laga fleire bilete frå bygda. Storm hadde ei omfattande og omflakkande karriere, men lite er kjend om han, både i Ottadalen og andre stader.

Frå Skjaak 1931. Motivet er truleg frå Framrusta mot Raudalen i Billingsdalen.

Alle kjenner Sørensens vals og Sørensens rheinlender. Jon Åsvold har skrive om musikaren som heldt sin siste konsert i Vågå i 1895 og som nok ikkje berre hadde eit lukkeleg liv.

Det einaste kjende fotografiet av Anders Sørensen.

Dei to dikta vi har vald ut i år, er Mogop av Lisbet Lid Venås og Du spela tonen av Rolf Vang, minnedikt om Oddvar Nygaard.

Bjarne Fredriksen og Kristian Hosar fortel om to kvinnemodellar hos Olav Aukrust. Den eine, Dansar-Eli frå Aksion på Tande, vart ikkje spesielt positivt omtala. Den andre, Guri Jukule frå Vårblå himil i mars, fekk ei fin omtale som vakkerjenta. Mange av Aukrust modellar var tekne frå det levande livet i norddalen.

Lomværen Olav Aukrust brukte mange frodige bygdepersonar som modellar i dikta sine.

Dagfin Werenskiold fant modellane til dei bibelske motiva på bronsedørene i Oslo domkyrkje i Lom og Skjåk. Mor Ragnhild og ungane Gunhild, Elling og Steinar Tjønneland sat tålmodig framfor kunstnaren for 75 år sidan medan han mellom anna laga motivet ”De som spottes”.

Gunnhild Tjønneland Værlo og Steinar Tjønneland ved domkyrkjedørene i Oslo 70 år etter at dei sat modellar for Dagfin Werenskiold.

Tord Buggeland fortset sin artikkel om dei mange kistebreva som er registrert i norddalen. Innleiinga av kistebreva kan du finne her. Og siste del av katalogen over kistebreva kan du finne her

Kistebrev frå Ottadalen, Daniel i Løver-Hulen. Heile katalogen finn du på linken ovafor.

Liv og arbeid

Brynjulv Aartun oppklarar at fleire av zylografiane frå mellom anna Bøverdalen er speglvende og av den grunn vanskelege å kjenne att.

Biletet frå Bøverdalen som er speglvend.

Stein Ringen er professor ved Høgskolen i Lillehammer. Forelesinga da han tok til, var om levemåten hos dølane før og nå, særleg bygd på Eilert Sundts granskingar i Gudbrandsdalen.

I 1854 budde Eilert Sundt og kona på prestegarden i Lom i fleire veker. Prestefolk den gang var Sophie og Julius Aars.

Håkåstadstolen i Vågå-kyrkja har vore omtala fleire gonger. Ivar Teigum tek for seg historia og kven som fekk dette galleriet bygt.

Håkåstadstolen er plassert oppe på nordveggen i kyrkja over kvinnebenkane og jamnhøgt med preikestolen midt imot. Stolen har eigen inngang.

Egil Ulateig skriv om 300 års krig om ein bokstav og ei steinrøys på Lesja. I 1927 kom Høgfjellskommisjonen med eit framlegg til fylkesgrense mellom Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag på den sine sida og Oppland på den andre. Kjerna i striden var eit stadnamn som var skrive på to ulik måtar i to kjeldeskrifter. Berre to bokstavar skilde skrivemåten. Det var nok til den lange, men stort sett fredelege grensekrigen.

Kommisjonsmedlemmar på Bøsetra i Lesja. Er ei av budeiene Gudrun Utgaard? Foto frå Riksarkivet.

Margaret Mingay Eggen og Ola Eggen fortel om Henry Chesshyre som budde i bygda i Øvre Svatsum i fire år i 1850-åra og som gav ut ei bok som opphaldet. Boka skil seg frå andre skildringar på denne tida, og Margaret og Ola Eggen har freista å finne ut meir om engelskmannen og korleis det gjekk med han.

Minneord

Johs Myhren og Børt-Erik Thoresen er to kjende dølar som har gått bort siste året. Kristian Hosar og Egil Ulateig har skrive minneord om dei.


Return to top