Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Ymse glimt frå innhaldet i Årbok for 2012

Redaktør: Kirsti Krekling

Biletredaktør: Kristian Hosar

Framsida: Sinclair-monumentet ved Kringen er laga av kunstnaren Kristen Holbø i 1912.

Folk å minnast

Anders Sandvig og Rolv Øygard – frå huskjøp til livslagt venskap. Maihaugen vart ikkje bygd av ein mann aleine. Anders Sandvig var mannen bak friluftsmuseet, men han hadde evna til å få andre med på ideane sine. Kåre Hosar fortel om Rolf Øygard frå Skjåk som var fødd i 1873 og var ein av Anders Sandvigs beste vener.

Gjennom Johan Meyers bokverk Fortids Kunst i Norges Bygder vart Øygarden kjent for omverda. Der er både Veslestova og Vinterstova framstilte i teikningar.

Truls Gjefsen fortel om at det var ein håpefull folkeminnesamlar, Peter Christen Asbjørnsen, som kom til Sel i 1842. Derfrå drog han vidare til Vågå-presten Hans Peter Schnitler Krag som hadde forsikra om at det fanst ”Adskillige Sagnmænd og Sagnquinder”.

Asbjørnsen samla folkeminnemateriale i Gudbrandsdalen på 1800-talet. Gjengivinga hans var oftast nøyaktig slik han hadde fått stoffet fortald.

Gudbrandsdalen har landets eldste nasjonalpark, Rondane. Kristian Hosar fortel om mannen som takkast for at Rondane Nasjonalpark vart oppretta i 1962, fjelloppsynsmann Norman Heitkøtter.

Norman Heitkøtter – den første fjelloppsynsmannen i Rondane Nasjonalpark.

Turid Kleiva fortel om Martinus Høgåsen i Vågå. Han var politikar, motstandsmann, målmann, forfattar, folkeminnesamlar, kyrkjesongar og lærar og ein framståande mann i Gudbrandsdalen heile sitt vaksne liv.

Martinus Høgåsen var sentral i kulturarbeidet i dalen. Her er han fotografert saman med Tore Ørjasæter på tur i Geirangerfjorden i 1950-åra. Fotografiet er teke av tidlegare redaktør av Årbok for Gudbrandsdalen, Ole Arnfinn Torgersrud.

Rasmus Stauri har gitt lesarane innsyn i brevsamlinga etter folkehøgskuleåra frå Vik i Kvam og på Hundorp fram til 1950. Fleire forfattarar kom til skulen besteforeldra hans dreiv og skreiv brev til folkehøgskulefolket. Der folk møtest blir det også historier.

Nordiske kursdeltarar på folkehøgskulen i 1912 medan han heldt til på Vik i Kvam.

Erik Holø fortel eventyret om dei fire fjelldronningane i Jotunheimen, Ragnhild, Repp, Ymbjørg Sveine, Rønnaug og Marie Hoft.

To legender i Jotunheimens turistliv, mor Ragnhild Hoft og dotter Marie fotografert på Gjendebu.

Tidlig på 1900-talet kom to av gardane i Sandbusgrenda i Vågå på utanbygds hender, og det eine tunet vart utvikla til eit privat museum. Ivar Teigum fortel den eldste historia om Sandbu og dei såkalla gjæslingane.

Xylografi med motiv frå Sandbu. Frå Skilling-Magazin om lag 1860.

Knut Hamsuns fødestad har vore diskutert i årevis. Kristian Hosar har funne att ein artikkel skriven av Magne Skrede i 1922 der han viser til samtalar med eldre folk i Garmo som seier dei hugsa at Knut Hamsun vart fødd der.

Stua der Hamsun skal vere fødd, etter det Magne Skrede fortel med gamle vårdølar som kjelde.

Musikkliv

Knut Kjøk har skrive eit folkelmusikalsk syn på slaget i Kringom i 1612. Mange tema kjem til uttrykk gjennom slåttane, og ikkje nokor hending har sett slike merke etter seg i spelmannsmusikken som Skottetoget. Goroleikjin vitnar om det.

Knut Kjøk med stort bokverk om slåttemusikken i Gudbrandsdalen

Spelemannen Knut Kjøk frå Garmo er tradisjonsberar for slåttane som truleg har røter i Skottland og lever i dag – 400 år etter slaget i Kringom.

Ola Løkken har funne fram tre viser etter Besse Lykkjom eller Marie Løkken som var eit oppkome av forteljingar, viser og songar. Ho leverte òg nokre til Alf Prøysen sine visesider i Magasinet for Alle.

Anna Bratlien. ”En vise vil jeg synge….” dikta Hans Mellomdokken til henne.

Krig og ufred

Der skottetoget ende torsdag 27. august 1612 ved Kvam og Klomstad-låven, vart det i 2007 opna ei utstilling. Staden for utstillinga er Vertshuset Sinclair like ved sida av der bøndene i 1612 grov ei stor massegrav der dei 166 drepne skottane vart kasta nedi. Det er Noregs nyaste gravhaug. Utstillinga vart til etter ide og initiativ frå Jon Selfors. Historia er fortalt av Rolf Rasch-Engh.

Utstillinga er innhaldsrik med gjenstandar og instruktive tekster om slaget ved Kringom.

Fredrik Pettersen var byarkitekt i Lillehammer frå 1920 til 1930. Seinare dreiv han privat praksis til han døydde 14. august 1940. I april 1940 evakuerte han saman med familien til Gausdal for å sleppe kringshandlingane, men hamna midt i kampane der. Dagboka hans frå desse dagane har ikkje vore attgjeven tidlegare.

Kampane raste hardt i Gausdal i aprildagane 1940. Ikkje langt frå Bø var det harde samanstøyt mellom norske og tyske stillingar. Teiknaren Andreas Hauge frå Lillehammer har skildra kampane ved Segalstad bru.

Kyrkje og kristenliv

Ivar Teigum har skrive eit etterskrift om kyrkje i Vågå prestegjeld. I manuskriptet om Håkåstadstolen i Vågå-kyrkja i fjor, vart det skrive at Vågå prestegjeld hadde fem kyrkjer. Det rette skal vera tre, ei i Vågå, ei i Sel og ei i Heidal. I år kan ein lese meir om desse kyrkjene.

Verksklokka frå koparverket i Sel.

100 år etter opptaket av koparverket i Sel vart verksklokka gjeven til den nye soknekyrkja på Selsverket. På klokka står denne inskripsjonen: ”Anno 1647 haben die participanten des Gudbrandalischen Bergwerks diese klocke in Kopenhagen giesen lassen.”

Oddbjørn Evenshaug har laga ein fyldig artikkel om indremisjonen i Gudbrandsdalen – bakgrunn og organisering frå starten på garden Nistu’n Gillebo i Øyer og fram til den organiserte lekmannsverksemda i Øyer og Gudbrandsdalen.

Nordsletten på Lesjaskog, der Peder Nordsletten kom til verda i 1837 og levde til 1923. Han var ein av dei store førarane i vakningsarbeidet i Gudbrandsdalen.

Handverk, næring og handel

Vev og vevkunst har lang tradisjon og djupe røter i tekstilkulturens historie, slik også i Gudbrandsdalen. Ei utvikling som både viser parallellar og særpreg samanlikna med nordisk og annan europeisk tekstilkunst gjennom tidene. Kirsti Haugstad har fortalt om samanhengen mellom arbeidskunsten i nåtid og i fjern fortid.

Jomfruteppe frå Nord-Fron

Jomfruteppe frå Nord-Fron med godt bevara farger. Biletframstillinga av dei gode og dei dårlege jomfruene har sitt opphav frå ei likning i Bibelen. Motivet var mellom dei mest brukte i middelalderen. I Noreg finnest om lag 75 ulike variantar av Jomfruteppe.

Kopparaverka på Røros, i Kvikn, Folldal og Frederiksgave i Sel var ein marknad for gudbrandsdølar og hedmarkingar på 1700-talet. Knut Sprauten har teke for seg kor mykje verka hadde å seie for handel og levekåra for bøndene i området.

Lasskjørar på veg til Røros.

Bønder frå Gudbrandsdalen, Østerdalen og Hedemarken leverte korn til Røros. På 1700-talet selde gardbrukarar frå Lom og Skjåk mjøl på Røros for å kunna betale skattar og avgifter. Handelen starta truleg på 1600-talet.

Det som dei i dag kallar Ramstadstronde i Skjåk, heitte i gamal tid Hovstronde. Der var det fast busetnad før kristendomen kom til Noreg. Det var eit ordna samfunn med gudehov der Hov-gardane ligg i dag. Da det leid så langt fram i tida at det vart behov for sætergrender, var det naturleg for hovstrondingane å reise til Finndalen. Det låg ikkje så langt unna, og frå naturen si side var det godt terreng og lett å koma dit. Rolv Håve fortel om denne sætervegen i to artiklar, kalla Vegen frå Skjåk til Finndalen og Budeia og sæterreisa til Finndalen.

Minnekrossen på fjellet mellom Skjåk og Finndalen fortel om den tragiske hendinga i 1836 da ei budeie omkom på denne staden.

 

Mjølkebil på Gjellingsodden i Finndalen. Frå venstre Jakob Bøhle, fødd 1889, Solveig Håve Lund, fødd 1914 og Jørgen Sæta, fødd 1904.

Erik Holø fortel om den siste fargar i Vågå, Iver Olsen og det første industriområdet i Vågåmo.

Fargeriet ved Finna der Iver Olsen hadde si verksemd. Delar av huset ble flytta til Maihaugen og gjenreist der i 1942.


Return to top