Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Årboken 2015

Ein hovudartikkel i 2015-utgåva handlar om korleis jernbaneutbygginga for godt og vel hundre år sidan endra dagleglivet i Gudbrandsdalen, på godt og vondt. Artikkelen er skriven av tidlegare direktør ved Norsk vegmuseum, Geir Paulsrud. Oddbjørn Evenshaug har skrive om korleis prestane i dalen overlevde etter at dei 1942 la ned embeta sine i protest mot nazifisering av statskyrkja. Det er skrive lite om den kyrkjelege motstandskampen under okkupasjonen, så Evenshaug bringer ny kunnskap til torgs. Per Ottesen fortel om vinstraværane som i dei økonomisk vanskelege 1930-åra bygde to nye forsamlingshus, berre nokre få steinkast frå einannan; Folkets og Bøndernes Hus.
Andre artiklar i 2015-utgåva av Årbok for Gudbrandsdalen handlar om bondeopprøraren Engebret Belle på Lesja, om den legendariske fjellmannen Ola Moløkken frå Lom og om Christian Bergum frå Bødalen i Vestre Gausdal som etter nesten 70 år i USA vende heim til gamlelandet for å døy.
2015-utgåva har ikkje noko samlande hovudtema, men byr på eit mangfald av historier frå Gudbrandsdalen, både frå gamal og nyare tid. Tormod Stauri og Ivar Teigum går i sine artiklar heilt tilbake til mellomalderen, medan Einar Moe og Magnhild Bruheim skildrar hendingar som mange av lesarane vil hugse godt. Den 83. utgåva av Årboka byr på interessant stoff frå alle kommunane i dalen.Jernbanen kom til Otta i 1896 og skapte på forbløffande få år ein liten stasjonsby der Otta og Laugen renn saman.


Return to top