Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Årboken 2016

Årboka for 2016 er på 224 sider og er spekka av lokalhistorisk stoff frå heile distriktet. Blant bidragsytarane er folk som Tone Wisting, Arne Skuterud, Gard Espeland, Ivar Teigum, Rasmus Stauri og Magnhild Bruheim.

Lars Høgvold var ein av landets fremste skiløparar da han for hundre år sidan vart tilsett som ekspeditør ved Hellebergs sportsbutikk i Storgata på Lillehammer.Den lengste artikkelen er skriven professor Jon Helge Lesjø ved Høgskulen i Lillehammer og handlar om dei 12 Gudbrandsdals-kommunane i fortid, nåtid og framtid. Lesjø skisserer tre ulike scenario for korleis kommunane vil utvikle seg i tida fram mot 2037 - 200 år etter at formannskapslova vart vedteken.

Eit tydeleg hovudtema i boka er det nå nedlagde Gudbrandsdalslaget i Oslo. Magnhild Bruheim har skrive både lagssoga og historia om Skjennungstua i Nordmarka og dei andre hyttene som Oslo-dølane disponerte. Ola Grøsland og Rasmus Stauri har skrive om det legendariske spelemannslaget til gudbrandsdølane i hovudstaden.

Ei rekkje gudbrandsdølar er omtala i eigne artiklar: Professor Tore Pryser har skrive ein nyansert og kritisk artikkel om den velkjende storbonden og stortingsmannen Ole Haagenstad frå Vågå. John Elvestad har skrive om faren, Sverre Elvestad, som iblant vart omtala som Petter Smart i Sør-Fåvang. Knut Høgvold har skrive om bestefaren Lars, som i 50 år var ein bauta i idrettslivet på Lillehammer, både som skiløpar og administrator. Gunvor Bolstad Rustad har portrettert kvinne-pionéren Ellisif Wessel, som var fødd i Follebu for 150 år sidan og hadde delar av oppveksten sin som legedotter på Dovre. Redaktør Geir Beitrusten har intervjua lillehamringen Arvid Møller, som er blant landets mest produktive forfattarar med foreløpig 166 titlar på CV-en.

Føderådsmannen Kolbjørn Mæhlum frå Bræbygda har delt sine personlege krigsminne frå april 1940; Hans Sandviken har skrive om journalistikken til hundreårsjubilanten Tor Jonsson, medan Arne Skuterud gjer greie for planlegginga av den nye E6 gjennom Midtdalen. Ivar Viste Flatum fortel om den gamle folkeskulen i Vågåmo, der kunst og estetikk var eit viktig element. Det er hundre år sidan skulen vart bygd og 31 år sidan han vart riven.

Tone Wisting skriv om eventyrdiktaren P. Ch. Asbjørnsen og hans kontakt med historieforteljarar frå Sel. Ivar B. Blekastad skriv om den vellykka tvangssamanslåinga av Vestre og Østre Gausdal på 60-talet, medan ein namnebror, Ivar Teigum, gjer greie for eit uoppklart drap som lokale stormenn truleg stod bak på 1400-talet. Ein tredje Ivar, Ivar Nordberg, har skrive om ein korrupt fut som vart overraskande mildt straffa for grovt underslag på 1600-talet.

Bjarne Fredriksen fortel om det frodige skøytemiljøet på Otta på 50-, 60- og 70-talet, medan Gard Espeland har skrive ein artikkel om baksidebussen som humpa og gjekk mellom Vinstra og Svingvoll.

Arvid Møller har så langt i karrieren skrive 166 bøker. 61 av desse bøkene omhandlar grender, bedrifter eller enkeltpersonar frå Gudbrandsdalen. Storbonden Ole Haagenstad døydde i 1866. Dette bildet er frå gravølet etter 'Håkåsta´n'. Sverre Elvestad frå Sør-Fåvang var både småbrukar og oppfinnar. Han er særleg kjent for det såkalla 'Elvestad-røret', som hindra vatnet å fryse i beinkalde perioder.


Return to top