Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Årbok for Gudbrandsdalen 2019

Den 87. utgåva av Årbok for Gudbrandsdalen vart lagt ut for sal i månadsskiftet september/oktober. Boka blir delvis seld i lokale forretningar, dels gjennom omfarande bokseljarar eller ved å tinge boka direkte. Boka er på 208 sider, tettpakka med god og variert lokalhistorie frå heile dalen. Prisen, 295 kroner, har ikkje vore endra dei siste seks åra. Den rikt illustrerte boka er trykt i eit opplag på 1200. Redaktør er kvamværen Geir Beitrusten, nå busett på Lillehammer.

100 år med historielaget

Utgjevar er Gudbrandsdal historielag Dølaringen, som i 2019 rundar hundre år. Dette blir sjølvsagt markert i ein grundig og høgst interessant jubileumsartikkel, skriven av den røynde forfattaren Ivar Teigum.

Ringebu er størst

Ringebu har det største av dei lokale historielaga i dalen. Tidlegare leiar Jon Ødegård fortel om dei mangslungne aktivitetane i Ringebu historielag, som har godt og vel 700 trufaste medlemmer.

Gudbrandsdalens grenser

Fyrstearkivar ved Statsarkivet på Hamar, Cæcilie Stang, drøftar kva som eigentleg særpregar Gudbrandsdalen, både med omsyn til geografi, kultur og forvaltning. Ho stiller også eit stort spørsmål: Vil identiteten vår overleva på lengre sikt?

Gamaldanskongen Oddvar Nygaard

Enda eit jubileum blir markert i den nye årboka. Den store gamaldanskongen i dalen, sørfrøningen Oddvar Nygaard, kom til verda i 1919. Da han runda 60 år, skreiv sambygdingen Odd Kjorstad ein flott prolog til Nygaard, «du, kulten blant spelmeinn», og den tålar stadig å bli høyrt og lesen.

Da Otta vart by

Ein godt illustrert artikkel, skriven av Geir Beitrusten, fortel om korleis Otta oppsto som tettstad. Det skjedde i amerikansk tempo, heilt på tampen av 1800-talet. Utan Dovrebanen ville Otta neppe ha vore noko anna enn eit elvenamn. Da jernbanestasjonen stod klar hausten 1896, oppstod den reinaste klondike-stemninga ved elvemøtet.

Norskdomsrørsla

Sist på 1800-talet og dei fyrste tiåra av 1900-talet stod norskdomsrørsla uvanleg sterkt i Gudbrandsdalen. Omtrent heile den lokale kultureliten stod fram som forsvararar for den tradisjonelle dølakulturen. Det var ei kulturnasjonalistisk rørsle der målstrev, folkehøgskulen og dei frilynte ungdomslag var samlande mål. Faghistorikaren Hans Hosar har skrive ein artikkel som rettar eit kritisk søkjelys mot desse sterke miljøa.

Germanske andlet

Tidleg under den andre verdskrigen kom ein kjent kvinneleg nazi-fotograf frå Tyskland på besøk i dalen. Ho hadde fått i oppdrag å dokumentere germanske andlet i det okkuperte Norge, noko som resulterte i ei propagandabok. Paul Henrik Hage frå Vinstra oppdaga at foto av besteforeldra inngjekk i «Das germanische Volksgesicht».

Dovring emigrerte til Russland

Sist på 1800-talet busette fleire hundre nordmenn seg på Kolahalvøya og vart dermed russerar. Blant emigrantane var også husmannsguten Thore Thoresen Lindsøvollen frå Dovre. Arne Skuterud fortel historia om den triste lagnaden til Thore og etterslekta hans.

Tre brør frå Gausdal

Tre brør frå Østre Gausdal emigrerte til Wisconcin som smågutar i 1848. Dei melde seg som frivillige i den amerikanske borgarkrigen som braut ut i 1861. Ein av dei, Ole Peterson Wesley (Lillelien) døydde i fangenskap, medan dei to andre slapp unna med livet i behald. Arne Halvorsen fortel historia om desse brørne i Årboka.

Amerikanar på Kvamsfjellet

Asbjørn Sletten frå Kollo’n (mellom Kvam og Sjoa) emigrerte til Canada i 1957. Men kvar sumar kjem 84-åringen heimatt og bur på hytta sin på Kvamsfjellet frå jonsok og til litt uti september. Geir Beitrusten har intervjua han.

Det første amerikabrevet

Heidølen Kristian Prestgard (1866-1946) gjorde stor karriere i USA som forfattar og redaktør av Decorah-Posten. Han skreiv mellom anna ei vakker og rørande historie om brevveksling mellom emigrantar og dei som vart verande att i gamlelandet. «Det første amerikabrevet» vart for nokre år sidan dramatisert og framført i Heidalen.

Taterfylgje til gards

Kolbjørn Mæhlum frå Bræbygda fortel om eit taterfylgje som brukte å koma til gards i hans ungdom. På Mælum var det venskap og gode relasjonar mellom dei fastbuande og dei omfarande. Den unge Kolbjørn let seg nesten forføre av ei urimeleg vakker taterjente.

Døladialekta

Språkforskarane Tormod Stauri og Jens Haugan skriv om dei eldste skriftlege spora etter gudbrandsdialekt. Allereie på 1300-talet har dei funne enkelte målføretrekk i gamle skinnbrev.

Treskurdkunst i Ottadalen

Hans Lilleødegård (1886-1967) var småbrukar og ein uvanleg dyktig treskjerar. Syskenparet Torunn og Knut Kjøk har skrive ein interessant og personleg artikkel om Hans Lilleødegård og dei sterke Ottadals-tradisjonane han førde vidare.

Sosiale endringar i Vågå

Det tradisjonelle standssamfunnet vart svekka på 1800-talet. Mette Vårdal bruker eit konkret døme frå Vågå der ein embetsmann, krigsråd Andreas Molbech Lundh, kjøpte seg gard og vart ståande med ein fot i embetsstanden og ein i bondearistokratiet.

Bryllupskikkar i Kvikne

Per Åsmundstad formidlar lokale gjestebodstradisjonar i Kvikne på 1800-talet. Ei gravid brur kunne ikkje bera sølvkrone fordi ho hadde skjemt ut «sin jomfruelige ære og verdighet». Ho laut nøye seg med ei krone av blikk.

Gjenbruk på Graffer

Dei eldgamle driftsbygningane på stasgarden Graffer i Lom fekk ny funksjonar i tråd med nye driftsformer. Oddbjørg Blakar, som sjølv voks opp på Graffer, beskriv desse endringane dei siste 200 åra.

Den tidlege potetdyrkinga

Poteten var gull verd for fattigfolk i Gudbrandsdalen på 1800-talet. Særleg i år med dårlege kornavlingar heldt poteten liv i dei fleste. Einar Kleiven har gjort eit stort arbeid med å finne ut når og kor dei fyrste potetane i Gudbrandsdalen vart sette i jorda.

Vagværen Ivar Kleiven, ofte omtala som Gudbrandsdalens Snorre, var med på å stifte Gudbrandsdalens Historielag i 2019. Ole Holten (1869-1943) frå Sødorp prydar framsida av ei tysk propagandabok, enda han absolutt ikkje var Hitler-venleg.
Kvinna til venstre på bildet, Beret Olsdotter Teigøien, levde frå 1795 til 1900, altså i tre hundreår. Her er ho fotografert i lag med si 80 år gamle dotter i 1898.
«Det første amerikabrevet» vart framført som friluftsteater i Heidalen i 2014.

Return to top