Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Årbok for Gudbrandsdalen 2020

  • Dette er årgang nummer 88. Den fyrste årboka kom ut i 1930.
  • Utgjevar er Gudbrandsdal historielag Dølaringen.
  • 2020-boka er på 224 rikt illustrerte sider.
  • Boka har 25 lokalhistoriske artiklar, som er skrivne av 22 peronar.
  • Eit nytt element i 2020-årboka er ein uhøgtideleg lokalhistorisk quiz.

Spissartikkel om Dale-Gudbrand

2021 vil bli prega av tusenårsjubileet for kristninga av Gudbrandsdalen i 1021. Krigarkongen Olav Haraldsson, som i ettertid fekk tilnamnet «den heilage», tvang og truga dølane til å la seg kristne på Hundorp. Kultursjefen i Sør-Fron, Bjørn K. Sletten, har skrive ein innsiktsfull artikkel der han drøftar og reflekterer over kva hendinga fekk å seia både lokalt og nasjonalt.

Fjellets kulturlandskap

Ringbyggingen Ole Martin Høystad, professor emiritus, filosoferer over korleis fjellnaturen i Gudbrandsdalen pregar kulturen. «Det er uråd å sette ei fast grense mellom kulturlandskapet og naturen. Heile fjellheimen er i grunnen del av eit kulturlandskap», skriv han. Artikkelen bygger på eit foredrag Høystad heldt på Gudbrandsseminaret i januar 2020.

22 000 hytter i dalen

Pensjonert plansjef i Nord-Fron, Arne Skuterud, skriv om hytteutbygginga i Gudbrandsdalen med særleg vekt på dei siste tiåra. Hytteturismen har fått store økonomiske konsekvensar i fleire av kommunane, mest for Ringebu og Øyer der veksten har vore størst, men har også skapt konfliktar mellom byturistar og bygdafolk.

Hyttelivet sett gjennom by-augo

Kari Løchen Blakstad frå Bærum hadde sitt fyrste hytteopphald på Fagerli allereie som toåring i 1949. Ho minnest opphalda på fjellet med stor glede; ikkje minst var det verdifullt å leike med ungane til budeiene og bli kjend med husdyra på sætra.

Gutan, jentan og husan

Ungdommen i dalen er i ferd med å forandre dølamålet. Særleg i tettstadene skil dei ikkje mellom hankjønn, hokjønn og inkjekjønn i fleirtal. Høgskulelærarane Jens Haugan og Tormod Stauri har studert dette nye fenomenet som kanskje blir einerådande etterkvart. Men ottadalsungdommen er førebels ikkje med på denne galeien.

200 år gamal protestvise

Bestemor til artikkelforfattaren Paul Henrik Hage sang ofte ei vise full av kritiske merknader og saftige karakteristikkar av prest, lensmann og «storknåpein», altså dei rikaste bøndene. Protestvisa «Denna forbæinna skatten» er truleg dikta av heidølen Per Larslykkjun for rundt rekna 200 år sidan.

Grensa mellom nord- og sørdalen

I mellomalderen var Gudbrandsdalen delt i to administrative sysler. Delet gjekk ifølgje gamle diplom «ved Rost». Men kor var det? Det er eit spørsmål mange lokalhistorikarar har fundert over. Jakup Skjedsvoll og Torbjørn Hagen meiner å ha eit godt underbygd svar.

Den brente jords taktikk på Dovrefjell

Rett før jul i 1718 valde oberst Peder Motzfeldt i Nordenfjeldske dragonregiment å brenne dei fire fjellstovene på Dovrefjell – Drivstugu, Kongsvoll, Hjerkinn og Fokstugu. Regimentet var forfølgd av tusen svenske kavaleristar, og brannen fekk svenskane til å snu. Krigshistorikaren Rolf Rash-Engh har skrive artikkelen.

A. J. Berge

Dottersonen Anton Løkken har skrive eit varmt portrett av bestefaren – urmakaren, fotografen og musikaren A. J. Berge. Mesteparten av livet sitt budde han på Vinstra, men namnet hans var velkjend over heile Gudbrandsdalen.

Tusenkunstnaren frå Bræbygda

Syver Mæhlumshaugen (1885-1977) var ein uvanleg praktisk altmoglegmann. Han stilte opp for alle i grenda, og dei fleste fekk den hjelpa dei bad om. Det kunne til dømes dreie seg om «å slå orm». Skribenten Kolbjørn Mæhlum hugsar tusenkunstnaren godt.

Den beskjedne fotografen

Mathias Havn (1891-1967) kom frå Øvre Havn på Selsverket. I ung alder vart lærde han seg å fotografere og var i nokre år assistenten til fotograf Hans H. Lie. Han tok ei mengd med bilde for knapt hundre år sidan. Slektningen Stein Havn Karlsen presenterer både mannen og ein del av bilda han tok.

«Skulstuguførkja» - eit skrøpeleg kvinnfolk

Ragnild Skulstugun (1796-1843) frå Sødorp levde så syndig og låkt at ho var namnspurd over halve landet. Ho drakk, sloss, fekk fleire ungar utan å vera gift, og laut sone på tukthus fordi ho låg ihel ein av ungane sine i fylla. Geir Beitrusten har skrive soga om Ragnild.

Flyttelass x tre over Dovrefjell

Ein fattig husmann frå Gausdal fløtte til Namdalen i von om å brødfø familien sin der. Det var i 1840-åra, før utvandringa til Amerika. Han drog ei dragkjerre dei 60-65 mila til Kolvereid. Nokre år seinare drog han den same dragkjerra heim att. Men i Gausdal var han ikkje velkomen, så han laut dra nordover att – og passerte Dovrefjell for tredje gong med flyttelasset i kjerra. Arne Halvorsen fortel denne historie i Årboka.

Uthengd som «striput» i 1945

Ringbyggingen Per Åsmundstad fortel om faren, Kristian, som i mai 1945 vart suspendert frå stillinga si som kyrkjesongar og skulelærar avdi han hadde stått som medlem av det nazistiske lærarsambandet under okkupasjonen. Det var eit hardt slag for heile huslyden. Seinare vart han reinvaska og fekk attende stillingane sine. Han var slett ingen nazi-sympatisør.

Skulereformatoren i Lesja

Rogalendingen Sverre Sandve kom til Lesja som skuleinspektør i 1963. På mange område vart han ein sentral mann i Lesja-samfunnet, ikkje berre for skulen. Artikkelforfattaren Per Jordhøy har hatt lange og mange samtaler med den nå 99 år gamle heidersmannen.

Den gamle sentralen i Kvam

Den eldste telegrafsentralen i Kvam er forlengst riven, og berre dei eldste i bygda hugsar «gåmmålsentralen». Moderne teknologi gjer at dei gamle sentralane, som ofte var svært viktige instansar, forsvann i alle bygder rett før tusenårsskiftet.

Klassereise for husmannsgut frå Sjoa

Knut Pedersen Resset frå Sjoa festa seg som tenar hjå Bjørnstjerne og Karoline Bjørnson på Aulestad. I starten var han stallgut, men etterkvart vart han dregen inn i huset som kjøkenassistent og nærast kammertenar for den store diktaren. Da Bjørnson la ut på lange reiser sør i Europa i 1890-åra, var Knut Resset med dei. I 1905 emigrerte han til USA. På sine gamle dagar skreiv han ned sine minne frå Aulestad-tida.

Bøverdøl vart søkkrik godseigar

Johannes Øyøygard (1845-1938) kom ein frå ein liten gard i Bøverdalen. I 20-årsalderen emigrerte han til Amerika. Det var uråd for amerikanarane å uttala namnet hans, så der skreiv han seg for «Odegard». Han gjorde suksess som forretningsmann. Ved århundreskiftet drog han heim att til gamlelandet. I fleire år åtte han Ask gods på Ringerike. Knut Høgvold har skrive artikkelen, basert på ein halvvegs gløymt sjølvbiografi.

Doro Heyerdahl (1894-1988)

Per Åsmundstad fortel om «åndsmennesket» og læraren Dorothea Heyerdahl, som i mange år var lærar i Lom og Skjåk. Doro var ei velutdanna og idealistisk bydame med stor sans for bygdekultur og folkehøgskule.

Kongsvegen gjennom Midtdalen

Debattar om vegstandard og traseval er ikkje noko nytt fenomen. Tidlegare direktør ved Norsk vegmuseum, Geir Paulsrud, har skrive om diskusjonane som gjekk da generalvegmeister Georg Anthon Krogh la om Den throndhiemske Kongevei for 250 år sidan. Men det viste seg at bønder i Ringebu og Fron hadde andre idear om kor vegen burde gå.

Langt mellom bilane

Kolbjørn Mæhlum frå Bræbygda tok førarkort som 18-åring i 1950. Han minnest med gru problema med å få liv i bilen når det var 20 minusgrader, mangelen på varmeapparat, motorar som kokte i motbakkane og skrøpelege vegar. Kolbjørn Mæhlum køyrer framleis bil, sjølv om han er 88 år.

«Den gudbrandsdalske sak»

Er eit omgrep som historikarane bruker om ein konflikt med korrupte embetsmenn rundt 1660. Konflikten stod mellom to griske og brutale embetsmenn, ein fut og ein prost. Striden endte i rettsapparatet. Artikkelforfattar er Ivar Teigum.

Klimahistorie frå Lesja

Pensjonert seniorforskar ved Meteorlogisk institutt, Øyvind Nordli, bruker ei 200 år gamal dagbok som utgangspunkt for ein studie av lokal klimahistorie. Han konstaterer at det har vorte litt varmare i Lesja sidan starten av 1800-talet, kanskje 1,5 grad i gjennomsnittstemperatur. Det skulle vera gunstig for korndyrking i fjellbygdene, skriv Nordli i artikkelen.


Return to top