Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Velkomen

Dølaringen Boklag (stifta i 1967) er ått av Gudbrandsdal historielag (stifta 1919) og Dølaringen (stifta 1914). Boklaget gjev ut Årbok for Gudbrandsdalen og annan lokalhistorisk litteratur frå Gudbrandsdalen. Årboka har kome ut kvart år sidan 1930, med unntak av tre år under krigen. Boka er såleis ei av dei eldste lokalhistoriske bøkene i landet.

Dølaringen Boklag hadde fram til februar 2013 eige bokutsal i Lillehammer, men sel nå bøker i bokhandlar og via nettbestilling. Ved bruk av menyen oppe til høgre kan ein tinge bøker eller lese litt om innhaldet i dei sist utgjevne årbøkene. Ved å nytta menyvalet Årbokregisteret kan også søke i innhaldet i årbøkene.


Return to top