Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Kistebrev – innleiing til Årbok for Gudbrandsdalen 2011

av Tord Buggeland


I Nord-Gudbrandsdalen har vi registrert så mange kistebrev at det ikkje var plass til alle i årboka frå i fjor. Første del av denne artikkelen finn vi i årboka for 2010 på sidene 217 – 252. Her følgjer så ei oppsummerande innleiing og siste del av katalogen over kistebrev som vi kjenner frå Gudbrandsdalen.

Alle menneske likar å sjå bilde, og slik har det vel alltid vore.
I dag opnar vi lokalavisa ved frokostbordet og ser ein tekst supplert med nøgda av bilde frå heile dalen. Om kvelden ser vi levande TV-bilde frå heile verda. Nå skal vi tilbake til forfedrar som levde her på slutten av 1700-talet og oppdage kva for bilde dei kunne forlyste seg med i ledige stunder. Dei levde i ei bildefattig tid og hadde anna å tenkje på enn å sjå bilde.

Når dei ikkje var til messe i kyrkja og glåmde på det som fanst av bilde der, var det ikkje alle som fekk sjå bilde før neste messesøndag. Men noen hadde papirark med fargelagde bilde frå Bibelen eller historia som var limt inn under eit kistelok. På grunn av plasseringa blir dei kalla kistebrev. Så kunne den som opna kista, få auge på bilde av jomfru Maria saman med kong Christian den sjette og dronninga hans eller andre motiv.

Folk hadde kistebrev i mange land, i Skandinavia, Finland og Russland, og sørover i Europa. Det fanst eit stort utval av ulike bildemotiv. Likevel kan vi samle dei i noen hovudgrupper som var dei same over alt.

1. Religiøse motiv. Dette var den største og mest populære gruppa. Her finn vi heile bibelhistoria, Adam og Eva og slangen, Jesu liv frå fødsel i Betlehem til krossfesting og oppstode, underverk og helgenfigurar.

2. Kongelege personar, men også andre kjente personar og hendingar frå historia.
Mange ville sjå dei kongelege, ikkje bare dei danske-norske kongane med gemalar, men også utanlandske kongepar.

3. Folkelege motiv var gjerne humoristiske og satiriske motiv, og vi har registrert noen få slike. I Gudbrandsdalen var dette den minste gruppa.

Kistebreva hadde også tekst, som regel under bildet, med overskrift og stundom ganske lange vers på rim. Så kunne folk lese og bli kloke på bildet. Dette var bilde som hadde ei historie å fortelje. Dei var laga for eit folkeleg publikum. Folk flest var ikkje mye annleis i Norge enn i andre land, og dei såg gjerne på dei same bilda. Dette syner at det fanst eit fellesskap, ein folkeleg europeisk felleskultur som var marknad for ein stor produksjon av slike bilde. I land med stor spreiing av kistebrev kunne desse bildearka ha stor kulturell verknad. Om kistebrev i Sverige skriv Nils-Arvid Bringéus: ”Kistebrevens betydelse kan knappast överskattas som förmedlare av kulturella mönster och ideologiska värderingar hos svenska folket.”

Dei kistebreva vi har funne i Gudbrandsdalen, er stort sett komne frå Danmark, og dei aller fleste blei produserte av boktrykkarar i København i siste halvdel av 1700-talet. Kistebreva var laga som tresnitt, og dei blei handkolorerte i klare fargar, som skulle freiste til innkjøp. Men dei vi ser i dag, har mist mye av glansen sidan dei var nye for over to hundre år sidan.

Boktrykkaren valde motiv som det var stor etterspørsel etter. For sjølvsagt var meininga at han skulle tene pengar. Han tente ikkje mye på kvart trykk. Så galdt det å få opp volumet, og sende ut kistebrev i mange og store opplag. Derfor var dette billige trykksaker. Nemningane skillingstrykk og skillingsviser fortel det same. Det folkelege eitbladstrykka var for alle, og tanken var at prisen skulle ikkje vere høgare enn at dei fleste skulle kunne unne seg eit bilde nå og da.

Etter ei tid måtte danske boktrykkarar slutte å gi ut kistebrev. For litt innpå attenhundretalet kom ein flaum av nye eitbladstrykk frå Neuruppin og andre byar i Tyskland. Dei nytta den nye litografiske teknikken og kunne produsere billigare og i mye større opplag. Derfor tapte danskane i konkurransen. I Sverige heldt dei fram med å gi ut kistebrev til utpå 1800-talet, i Lund, Jönköping og andre byar.

Kistebreva har namn på boktrykkaren, og gjerne adresse også, slik at folk kunne vite kvar dei fekk kjøpe fleire av dei populære bilda. ”Kiøbenhavn. Findes tilkiøbs i Skindergaden ved vor Frue-Skole”, les vi på dei eldste kistebreva i Gudbrandsdalen. Dei var trykte av Johan Jørgen Høpffner (1689 – 1759), ein kjent boktrykkar som også hadde stor produksjon av kistebrev.

Andre boktrykkarar i København som er representerte i Gudbrandsdalen, er Thomas Larsen Borup (1726 – 1771), Nicolaus Møller (1758 – 1806) og Johan Rudolph Thiele (1736 – 1814). Utanfor København var det Th.Petersen (1826 – 1873) i Hjørring, og eit par svenske boktrykkarar frå Jönköping. I Norge var det ikkje nemnande produksjon av kistebrev. Det var noen få trykkeri som ga ut kistebrev så seint som etter 1850, og det var ikkje mange bildeark dei kom ut med. I Volda var Sivert Aarflots trykkeri på Egset tidlegare ute med kistebrev.

Kistebrev i Gudbrandsdalen

Spørsmålet om kor mange kistebrev vi nå veit om i Gudbrandsdalen, er framleis ikkje avklart. Katalogen inneheld 62 nummer. I tillegg kjem to like kistebrev som er utgitt av to ulike produsentar, eit som finst i to ulike kister, og eit som har gøymt seg bort bak eit anna slik at vi ser ein liten del av teksten, kanskje viser det keisar Joseph. Då kan vi konkludere med at det må ha vore minst 65 ulike kistebrev i Nord-Gudbrandsdalen. Det er mange fleire enn vi kjenner frå andre distrikt.

Det som gjer det spesielt viktig å registrere folkelege bildeark, er at vi finn kistebrev som ingen har sett eller visst om tidlegare. I si oversikt over danske kistebrev oppgir V.E.Clausen at Høpffner har gitt ut 112 ulike kistebrev og variantar. I Nord-Gudbrandsdalen har vi hittil funne 24 kistebrev av Høpffners produksjon, og av dei kjenner vi att ni frå Clausen, to er vi usikre på, og tretten er slike som ingen tidlegare har visst om.

Vi har funne åtte kistebrev som er trykte av Thomas Larsen Borup. Sju av dei er tidlegare bare kjent frå Johan Rudolph Thieles produksjon. Thiele var gift med Thomas Larsen Borups enke og fekk med henne trykkstokkar eller klisjear etter Borup. ”Borups stokke blev flittig benyttet” (av Thiele), fortel Clausen.(Henv. Cl. 1985, s. 30.) Det kan tyde på at mange av kistebreva i Gudbrandsdalen kom ganske tidleg til dalen. For Høpffner døde i 1759 og Borup i i 1771, mens Johan Rudolph Thiele levde til 1815.

Kva kistebreva kan fortelje

Storparten av dei danske kistebreva kom til Nord-Gudbrandsdalen. Når vi finn kistebrev her i dalen, vaknar lysta til å få vite meir om dette slaget folkelege bildetrykk her i vårt land. Vi hadde ingen produksjon, men var eit mottakarland. Dei fleste kistebreva fann vi i Ottadalen. På 1700-talet var det omtrent så langt inne i innlandet som ein kunne kome. Vi undra oss: Kvifor nett der?

For å kome vidare måtte vi spørje: Korleis kom kistebreva hit? – Landkremmarane hadde etter lova ikkje løyve til å selje nürnbergarkram, og då heller ikkje kistebrev. Omreisande kramkarar kunne sikkert selje kistebrev, og gjorde det vel også, om dei fann det praktisk å ta dei med i skreppa. Kanskje var det likevel greiast å omsette kistebrev på forskjellige marknader. Det er fleire ting som kan tyde på det. Folk i Nord-Gudbrandsdalen reiste gjerne til Romsdalsmarknaden på Veblungsnes på 1700-talet. Dit kom det bokførarar frå Bergen med båt, og dei kunne godt frakte med seg kistebrev som dei hadde fått frå København. Musea har registrert noen kistebrev i Romsdal og andre stader på Vestlandet. Det kunne tyde på at mange kistebrev kom frå København til Bergen, at dei blei førte vidare til Romsdalsmarknaden og selde der til marknadsfolk frå Nord-Gudbrandsdalen og andre stader.

Det neste spørsmålet var dette: Korleis var allmugen i bygdene som tok imot kistebreva? Då tenkjer eg mest på korleis folk var i høve til bøker og bilde. På 1700-talet kunne dei aller fleste lese, og dei fleste kunne også skrive. Dei hadde likevel nesten ikkje bøker. Det var erfaringsbasert kunnskap som var livsnødvendig for dei. Bilde såg dei i kyrkja, men svært sjeldan elles. Dei ville nok gjerne sjå bilde. Dei var i stand til å lese teksten på kistebreva.

Det tredje spørsmålet: Kven var det som kjøpte kistebrev? — Det var ikkje alle som kunne reise til marknaden og handle der. Dei som hadde tid til langvarige reiser og som hadde råd til å handle, var stort sett fehandlarar og gardbrukarar på bruk over ein viss storleik. Vi har helst funne kistebrev i store kister frå store gardar. Gardbrukaren reiste heimefrå med slikt som han ville selje, og han kom heim att med ting han hadde kjøpt, som jern, salt, sild, tobakk, brennevin, bytekstilar. Kanskje hadde han også med seg eit mangefarga skillingstrykk eller kistebrev og kanskje fleire også, som han skulle overraske med når han kom heim.

Det siste spørsmålet: Kva gjorde dei med kistebrevet når det kom til gards? — Vi kan vere sikre på at det var ei storhending for den som fekk eit kistebrev mellom hendene. Kanskje låg det framme, blei omsnakka, teksten under bildet blei lesen mange gonger, og alle skulle sjå og kommentere. Heilt til det ikkje var meir att av skillingstrykket, og neste marknadstur sto for døra.

Men noen kistebrev hamna i kvinnehender. Då var ikkje vegen lang ned i kista med heimanfølgje. Vi ser at folk kjente til den europeiske skikken med kistebrev i kistelokket. Noen gjekk lenger og forsøkte å fôre heile kista med kistebrev på innsida. Slik ville dei verne tekstilane i kista så godt dei kunne. Slik kom dei også til å verne og bevare kistebreva. I Danmark og Sverige blei kistebrev gitt ut i store opplag. Dei hadde ingen verkeleg verdi, derfor tok ikkje folk vare på dei, og svinnet var nesten totalt. Truleg har dei få kistebreva som er att, og som nå er registrert og omtala i bøker, vore oppbevarte i kister eller innramma på ein vegg.

Ein skulle tru at rosemålarar ville bruke kistebrev som førelegg når dei arbeidde med figurmotiv. Men målarane i Ottadalen, som Per Veggum, Rasmus Garmo og Valde-brørne, hadde koparstikk og tyske litografiske ark som dei måla etter. I Lesja kan vi finne innskrifter på inventar med vers og fyndord som er henta frå Husvelsignelser, som er eit slag kistebrev. På ein gard i Østerdalen måla Østen Blegen frå Fåberg dronning Caroline Mathilde til hest etter eit kjent dansk kistebrev. Slik får vi indirekte vite at folk hadde kistebrev på Lesja og i Østerdalen.


Return to top