Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Lover for Dølaringen

  1. Dølaringen arbeider for å fremje interessa for kultur og historie i Gudbrandsdalen og stør arbeidet for nynorsk og dialektbruk.
  2. Dølaringen skal kvart år gjeva ut ei årbok. Ho skal redigerast på nynorsk, og i hovudsak skal innhaldet vera skrive på nynorsk eller bygdamål, og til kvar tid bør ho ha artiklar frå kvar bygd i dalen. I arbeidet med årboka kan også andre lag vera med.
  3. Alle som vil hjelpe til i dette arbeidet, både personar, mållag, historielag, heimbygdslag og andre lag, kan vera medlemer i Dølaringen.
  4. Årspengane blir fastsette på årsmøtet.
  5. Årsmøtet skal haldast på ei lugum tid og ein lugum stad, helst saman med ei framsyning  av arbeid eller kunst, eller anna som Dølaringen arbeider for. Røysterett på årsmøtet har:
    1.   Alle beinveges medlemer som har betalt årspengane.
    2.   Utsendingar frå laga, etter desse reglane: Ein utsending for inntil 10 medlemar, to for 11-20 o.s.v.
  6. Dølaringen har eit styre på tre medlemer. Årsmøtet vel styremedlemene, dei sit i styret i tre år, og er skiftesvis på val, ein kvart år. Årsmøtet vel kvart år ein av dei tre styremedlemene til leiar, ved serskilt val. Styret har tre varamedlemer, dei er på val kvart år.
  7. I kvar kommune kan Dølaringen ha ein eller fleire kontaktpersonar. Dei skal melde frå til styret om kva som ligg nærast å arbeide med. Det er styret som i samråd med kjende folk peikar ut desse tillitsmennene. Der det fins eit historielag er leiaren, eller ein annan som historielaget peikar ut, sjølvskriven. 
  8. Dølaringen kan meldast inn i ein større samskipnad som har liknande oppgåver.
  9. Dølaringen har ei samarbeidsavtale med Gudbrandsdal Historielag, vedteken på årsmøtet i 1975. Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag eig kvar sin halvpart av Dølaringen Boklag. Både rekneskap og årsmelding er felles for dei to organisasjonane. Leiarane i dei to organisasjonane fører styreprotokoll som syner det som til kvar tid blir gjort.
  10. Desse lovene kan endrast når minst 2/3 av dei røysteføre på årsmøtet vedtek det. Framlegg om endring må vera innsende til styret seinast ein månad før årsmøtet.

Lovene vart vedtekne på årsmøtet i 1933, sist endra i 2004 og 2005.

 


Return to top