| sidekart

 

Referat frå årsmøte 28. august 2010 på Kleppe i Vågå

Referat frå årsmøte i Gudbrandsdal historielag og Dølaringen laurdag 28. august 2010.

Før årsmøtet var det ope hus og omvising på Sandbu (nigard søre) med Ivar Lillebråten som vert.  Han har vore ansvarleg for vedlikehaldet der i ein mannsalder.
Deretter var det, på Kleppe, orientering ved Dag Lindvig om restaureringa på Gamel-Kleppe.
Under posten ”fagtema” heldt Kristian Hosar eit kåseri om fotografar og fotoarkiv i Gudbrandsdalen.

Til stades:
Det møtte 32 medlemmer i Dølaringen og 27 representantar frå 12 historielag.


Sak 1:  Opning og val av ordstyrar
Ingen hadde kommentar til innkalling og sakliste.  Leiar Arne Skuterud, vart vald til ordstyrar. 

Sak 2: Val av skrivar
 Gaute Elvesæter Helland vart vald til skrivar. 

Sak 3: Årsmeldinga for 2009 
Leiaren las meldinga.  Det var ingen kommentar til denne. 
Det vart frå salen spurt om samarbeid med skulen, særleg vidaregåande skule, om samarbeid med andre organisasjonar og om salgsapparatet for Årboka.

Sak 4: Rekneskap for 2009 
Denne vart referert av leiaren.  Det vart spurt om ulike summar to stader i rekneskapen, kr. 60471,- og kr. 68416,-.  Styret kunne ikkje gjera greie for kvifor desse summane ikkje var like.  Styret vil ta dette opp med revisor, og med dette atterhaldet vart rekneskapen og årsmeldinga godkjende samrøystes.

Sak 5: Ivar Kleivens fond og Aagaards legat. 
Status på fonda vart refererde og godkjende.

Sak 6: Eit felles lag eller to lag.
Styret hadde sendt ut eit framlegg for årsmøtet om å slå saman Gudbrandsdal historielag og Dølaringen til eitt lag. Framlegg til vedtekter var og utarbeidd.
Det kom framlegg om særskild årsmøte for Dølaringen fyrst.  Dette framlegget vart vedteke utan kommentar, og dei som representerte Gudbrandsdal historielag vart bedne om å gå ut.

Dølaringen heldt etter det eiga drøfting av samanslåingsframlegget:
Lista over frammøtte utsendingar for Dølaringen vart gjennomgått og retta. 
Leiaren refererte grunngjevinga for samanslåing og gav eit stutt referat av historia til dei to organisasjonane.  Han gjorde og greie for at eit framlegg til vedtekter frå styret, datert 25.5.2010 som var utsendt, men understreka at eit revidert framlegg datert 9.6.2010,  var det rette framlegget frå styret. Ved ein feil vart det fyrste framlegget sendt ut i staden for det siste. Framlegget frå styret, datert 09.06.2010, vart delt ut til utsendingane.
Dei frammøtte utsendingane vart kryssa av og møtelista vart såleis oppdatert.
Desse hadde ordet i debatten:
Iver Forseth, Ingeborg Donali, Ingeborg Krokann Stang, Ivar Teigum, Arnfinn Engen, Arne Skuterud, Kari Jægersletten, Rune Øygard, Ola Skrinde, Håvard Kleiven.
Det kom framlegg om skriftleg røysting, og dette vart vedteke utan diskusjon.
Det var framlegg om Iver Forseth og Gaute E. Helland som teljekorps, og dette vart godkjent utan kommentar.
Ved avrøystinga fekk framlegget for samanslåing 17 røyster og mot samanslåing 13 røyster. Framlegget fekk såleis ikkje 2/3 fleirtal slik vedtektene for Dølaringen krev, og framlegget frå styret hadde såleis falle.

Møtet heldt etter dette fram samla med deltakarar frå både Dølaringen og Gudbrandsdal historielag.

Sak 7:   Lover for ein ny, samanslått organisasjon
Denne posten fall bort pga røysteresultatet punkt 6.

Sak 8:    Orientering om Årboka 2010
Kristian Hosar, årboksredaktøren, orienterte.  Ein del stoff lyt stå over, fleire av artiklane er bestillingsverk. Kvinnelege skribentar vart etterlyst.

Sak 9: Årspengar for 2011
Det vart vedteke slike årspengar:
• Personlege medlemmer i Gudbrandsdal historielag: kr 100 pr person
• Medlemslag i Gudbrandsdal historielag: kr 300 pr lag
• Personlege medlemmer i Dølaringen: kr 100 pr person
• Medlemslag i Dølaringen: kr 300 pr lag.

Sak 10:   Val
Leiaren i valnemnda, Ivar Teigum, la fram framlegget frå valnemnda.  
Det vart gjort samrøystes val av medlemmer og varamedlemmer til dei to Lagsstyra. Etter dette er styra slik samansette:

Dølaringen:  
Arne Skuterud, Nord-Fron (2009-2012) attvald som leiar for eitt år
Gaute Elvesæter Helland, Lom (2010-2013)  
Kirsti Haugstad, Ringebu/Hamar (2008-2011) ikkje på val

Varamedlemer for eit år: 
Arnfinn Engen, Lillehammer
Ragnhild Kolden, Lom/Oslo
Åse Haugstad, Lesja

Gudbrandsdal historielag:
Arne Skuterud, Nord-Fron 2010-2013) attvald som leiar for eitt år
Arild Teigen, Nord-Fron (2009-2012) ikkje på val
Kirsten Andberg, Lillehammer (2008-2011) ikkje på val

Varamedlemmer for eit år: 
Anders G. Fretheim, Ringebu/Fåvang
Hans Agneberg, Skjåk
Magnhild Bruheim, Lillehammer

Revisor: 
Oppland Revisjon & Rådgivning vart attvald som revisor. 
 
Valnemnd: 
Ingen var på val og nemnda har slik samansetting for 2010-2011:
Ivar Teigum, Otta
Iver Forseth, Lillehammer
Kari Jægersletten, Vinstra

Gaute HellandArne Skuterud


Etter årsmøtet orienterte Arne Skuterud om Gudbrandsdalsseminaret 2011, Ivar Teigum  om eit prosjekt om embetsmenn og bønder i 1660-1870 i regi av Høgskulen i Volda, og Jon Ødegård og Geir Neverdal om 400-års jubileet for slaget ved  Kringen i 1612.

 

Til Bodstikkas arkiv . . .


Return to top