Dølaringen Boklag | | sidekart

 

Gudbrandsdalsseminaret 2010

Gudbrandsdalsseminaret 2010

Tysdag 19. januar 2010 vart seminaret Gudbrandsdalen – arkeologi og eldre historie arrangert på Maihaugen. Dette var resultat av eit godt samarbeid mellom Gudbrandsdal historielag, Maihaugen og Oppland fylkeskommune. Seminaret vart ein suksess med ca. 70 deltakarar og med 10 interessante foredrag omkring følgjande to hovudtema:

  • Maktforhold i jarnalder og mellomalder i ljos av arkeologiske funn.
  • Gudbrandsdølane i heilstaten.

Ein del tekst og bilde frå foredraga kan du lese ved å bruke lenkene nedafor. Enkelte av artiklane vil bli vidareutvikla som artiklar og etter kvart trykt i Årbok for Gudbrandsdalen.

Etter dette har vi kome til at vi vil arrangere årleg historieseminar om Gudbrandsdalen, under namnet Gudbrandsdalseminaret.

Neste seminar blir såleis arrangert onsdag 26.01.2011, også denne gongen på Maihaugen. Meir informasjon i eiga annonse i årboka, og her på heimesidene våre.

Følgjande innlegg frå seminaret 2010 er tilgjengelege for nedlasting:


Return to top