Dølaringen Boklag | | sidekart

 

Gudbrandsdalsseminaret 2012

Seminaret presenterte ny kunnskap om fleire av dei store jubilea i Gudbrandsdalen i 2012. Fire emner vart teke opp: Skottetoget i 1612, Vardar og bygdeborger, Anders Sandvigs jubileum og Sigurd Einbu.

2012 er eit jubileumsår i Gudbrandsdalen. Det er 400 år sidan slaget ved Kringen i Sel i 1612. Det er 150 år sidan Anders Sandvig vart fødd, grunnleggjaren av Maihaugen, De sandvigske samlinger på Lillehammer. Og det er 100 år sidan den sjølvlærde astronomen Sigurd Einbu frå Lesja oppdaga ei ny stjerne i stjernebildet Tvillingane. Nova Geminorum II 1912 Enebo fekk namn etter oppdagaren.

Det såkalla skottetoget i 1612 markerte eit heller brutalt møte mellom leigetroppar på veg til oppdrag for den svenske kongen og ein stasjonær bondekultur. Både som ei historisk hending og eit propagandanummer i ettertid var ho eineståande. Langsetter dalen fanst såkalla bygdeborgar frå gamal tid, på fjelltoppar fanst veter eller vardar som del av eit statleg militært varslingssystem. I vår del av landet veit ein likevel lite om at krigsfaren var overhengande gjennom hundreåra.

Referat og program finn du her.


Return to top