Dølaringen Boklag | | sidekart

 

Gudbrandsdalsseminaret 2013 - folk på flyttefot

Gudbrandsdalsseminaret 2013 sette fokus på utvandring, innvandring og arbeidsvandring. Den store utbygginga av Europaveg 6 minner oss om den gjennomfarten som alltid har funnest gjennom dalen. Med store utgravingsprosjekt legg arkeologane i den samanhengen nytt land til kunnskapen vår om innvandring og busetnad, og det i ei lokal fortid som har vore nærpå ukjend til nå.

Frå embetsmannsfamiliar og gruvegesellar på 1600-talet til dagens innvandring under EØS-avtala er det eit langt sprang. I eit distrikt der det ikkje fanst kyst og ikkje byar, burde slike innslag gjera dei fastbuande særleg nyfikne på det som er nytt. Har det vore slik? Eller er det slik at melankolien og nostalgien har fått råde liksom hos poetane tidleg på 1900-talet. Når ungdom og familiar drog til kysten, til Nord-Norge, til Amerika, til byane – representerte dei eit ressurstap vi ikkje greier å koma over? Eller har flyttestraumen vore ei utfordring og kjelde til impulsar og fornying? Vi spør.

Referat og program finn du her.


Return to top