Dølaringen Boklag | | sidekart

 

Gudbrandsdalsseminaret 2014

Gudbrandsdalsseminaret 2014 opna eit nasjonalt jubileumsår. I 200 år har vi hatt vår eigen stat og eit styresett tufta på demokratiske idear og institusjonar. Dette skal feirast heile året til ende, men vi er blant dei aller første. Korleis fungerte det eineveldet som vi la bak oss? Kva var dei europeiske føresetnadane for det demokratiske omskiftet? Korleis greidde dei første generasjonane å forme eit ny framtid i ein krevjande situasjon? Vi går til historia attom 17. maitalene. Utløyste dei politiske hendingane i 1814 ei kjensle av fridom i dei breie lag i folket? Kva med gudbrandsdølane? Med den nyleg utkomne boka om 1814 i Oppland som eitt utgangspunkt vil det bli drøfta korleis det nye vart motteke her i Gudbrandsdalen. Vart livet annleis - eller snarare korleis vart livet annleis? Om den moderne staten Norge berre er 200 år gamal, så er nasjonen mykje eldre. Med utgangspunkt i tusenårsstaden Hundorp søkjer vi mot arkeologiske funn, mytar og segner på leit etter byggjesteinar under ein nasjonal identitet.

Refererat og program finn du her.


Return to top