Årboken 2017
2017-utgåva av Årbok for Gudbrandsdalen har ikkje noko hovudtema, men er innom ei rekkje heilt forskjellige tema frå alle delar av Gudbrandsdalen. Dermed har det vorte ei bok som byr på «noe for enhver smak» for alle med ei viss interesse for lokal historie og lokal kultur.
Ein av dei viktigaste artiklane er skriven av pensjonert lektor Rasmus Stauri og handlar om Gudbrandsdalens folkehøgskule på Hundorp under andre verdskrig. Svært få kjenner til denne historia, som langt på veg vart fortia etter krigen. NS-regimet stengde i 1943 den frilynte folkehøgskulen av ideologiske grunnar og etablerte i staden eit «skolehjem» for unge jenter som hadde kome skakt ut i livet. Folkehøgskulestyrar Lisa Stauri måtte motvillig stå for drifta dei to siste krigsåra, og komande styrar Are Stauri fekk ein slags vaktmeisterjobb på skulen.
Årboksredaktør Geir Beitrusten har skrive ein artikkel om magre og feite prestekall i Gudbrandsdalen. Prestane vart ikkje løna etter det statlege regulativet før på 1950-talet; tidlegare levde dei av tiend, jordleige og diverse avgifter og overskot frå prestegardsdrifta. Det førte til svært store lønsvariasjonar, og prestane ville helst sitja i feite kall – der levemåten var romsleg. «Vinnarane» var prestane i Fåberg, Gausdal, Lom og Vågå – «taparane» laut nøye seg med Dovre og Vestre Gausdal.
Professor emiritus Tore Pryser har studert dei sterke lensmannsdynastia i Sør- Gudbrandsdalen, som minner om klanssamfunn. Pensjonert lektor Hans Sandviken, skriv om den grundvigianske folkeskulen som Christopher Bruun og Christian Horne etablerte på garden Romundgard i Sel for nøyaktig 150 år sidan.
Den opprinnelege kvikneværen Ole Bratlien fortel om ein nesten gløymt lokal idrettshelt. Reidar Hagen i Kvikne var ein av landets fremste diskoskastarar med fire NM-gull på 1950-talet. Han brukte den smale Skåbuvegen som treningsbane. Kom diskosen skakt ut, kunne han hamne fleire hundre meter nedi den djupe Vinsterdalen.
Tidlegare årbokredaktør Kjersti Krekling har skrive om friar-skikkar i gamal tid, pensjonert lektor har spora opp erotiske motiv i den lokale kulturskatten. Bibliotekar Astrid Stuve har skrive eit portrett om Mathea Baadstø (1868-1959) frå Tretten som gjekk sine eigne vegar gjennom livet ved å utdanne seg til fotograf og sjukepleiar, og ved å konvertere til katolismen.
Vinstraværen Arne Skuterud fortel om eit rovmord i Huskelia med påfølgjande halshogging i 1690-åra. Pensjonert høgskulelektor Kåre Sveinhaug har skrive ein grundig artikkel om det store hamskiftet i Lom, medan ein annan pensjonert høgskulelektor, Tormod Stauri, skriv om opphavet til gards- og bynamnet Lillehammer.
I ein rikt illustrert artikkel fortel Åse Haugstad frå Lesja om oppbygginga av Avdem Gardsysteri, som ho og mannen Sigrud fekk gang. Ho fortel også om tidlegare ysteridrift i heimbygda. Kjell Helge Moe gjev nyttige tips for andre som er ramma av den nye slektshistorie-trenden. Moe er pensjonert bibliotekar og for tida leiar av Slekt og Data, Oppland.
Tidlegare bonde Kolbjørn Mæhlum frå Bræbygda i Sel er ein av dei siste som var med i heste-kolonnene som hente vinterfór frå setertraktene i gamle dagar. Han fortel levande og godt om strabasane med å lasskøyringa på vinterføre. Geir Beitrusten fortel om kapteinane som heldt til på garden Frostad i Kvam for bortimot 200 år sidan. Tidlegare journalist Knut A. Nilsen skriv om den tunge militære retretten frå Gausdal til Gjendebu i april/mai 1940, etter nederlaget ved Segalstad bru.
Ei perle av ein årbokartikkel har forfattar og journalist Olav Norheim skrive om bestefaren sin, Olav Nyjordet – som kanskje er den «Nyjords-vetlen» Olav Aukrust skreiv om i det legendariske diktet «Aksionen på Tande». Olav Norheim har vore på «road-trip» i Bøverdalen og kom att med ny kunnskap om slekta si.