Gudbrandsdal Historielag | | sidekart

 

Årbok for Gudbrandsdalen 2018

  • Den 86. utgåva av Årbok for Gudbrandsdalen byr som vanleg på godt lokalhistorisk stoff frå alle delar av distriktet.
  • Breidda av tema er større enn nokon gong.
  • Dei fleste lesarane bør finne lesestoff som nettopp dei er spesielt interesserte i.
  • Den rikt illustrerte boka er på 208 sider og blir utgjeven av Gudbrandsdalen historielag Dølaringen.
  • 16 framifrå forteljarar og skribentar

Ølbrygging

Forskaren Hans Olav Bråtå frå Otta har skrive om ølbrygging og øldrikking i Gudbrandsdalen frå førhistorisk tid og opp til i dag. På grunn av bryggemetode og tilsettingsstoff har ølet har forandra seg mykje gjennom hundreåra både når det gjeld smak og bruksmåte.

Offiserane i Lesja

Professor emiritus Tore Pryser har skrive om offiserane som på 1700- og 1800-talet huserte og kommanderte i Lesja og tenestegjorde i Lessøe Compagnie, som også omfatta Dovre og delar av Folldal. Fleire av kompanisjefane var mektige menn og tilhøyrde på alle vis den sosiale eliten i bygda. Fleire av dei bar til og med adelstitlar.

Svømmeopplæring

Arne Skuterud har fortel om korleis unge gudbrandsdølar litt om senn vart svømmedyktige på 1970- og 80-talet. Artikkelen fokuserer særleg på utviklinga i Dovre, Lesja, Nord- og Sør-Fron når det gjeld anlegg av badeplassar og basseng.

Allmeningsretten

Kva er eigentleg ein allmenning? Det er pensjonert jordskiftedommar Jakup Skeidsvoll som drøftar dette spørsmålet. Ifølgje Skeidsvoll er allmenningane ei rettsleg eigedomsform med røter i det førhistoriske landbrukssamfunnet. På mange måtar bryt allmennings-systemet med moderne tankegang om eigedom og råderett.

Komponisten Reidar Brøgger

Tidlegare kulturredaktør i Vårt Land, Olav Egil Aune, har skrive ein varm artikkel om komponisten og kunstnaren Reidar Brøgger – mannen som blant anna skreiv Lillehammersangen, men som også starta eit legendarisk guttekor i dølabyen. Aune stod i sin barndom sjølv i Reidar Brøggers guttekor og har fine minne derifrå.

Den gløymde vegen

Kommuneplanleggjaren i Luster, Torunn Løne Vinje, har skrive ein grundig artikkel om ein ferdaveg over Sognefjellet som få har høyrt om og nesten ingen har gått sidan 1880-åra. For nord- og midtgudbrandsdølane var denne vegen heilt livsnødvendig i mange hundre år.

Kronprinsbesøk i 1856

Kronprins Karl vart i 1856 utnemnd til visekonge i Norge, og same sommaren drog han ut på ein fleire månader lang bli-kjend-tur i grannelandet. Ferda gjekk også innom dei nørdste bygdene i Gudbrandsdalen. Ein av kammertenarane hans førde gjennomillustrert dagbok under heile ferda, og fleire av teikningane hans har lokale motiv. Både kammertenaren og kronprinsen (seinare kong Karl IX) let seg særleg blende av alle dei fagre gudbrandsdals-kvinnene som dei møtte.

Sjalusidramaet i Svatsum

Geir Beitrusten har skrive ein grundig artikkel om eit stygt sjalusidrap som skjedde i Vestre Gausdal natt til 18. mai 1919. Drapet er knapt omtala i den lokalhistoriske litteraturen, og få gausdølar har kjennskap til dobbeltdrapet.

Dragkampen om landsgymnaset

Landsgymnaset på Vinstra vart etablert hausten 1946. Før skulen kom i gang, var det ein ilter diskusjon om kor landsgymnaset skulle lokaliserast, noko Hans Sandviken går nærare inn på. I den fyrste fasen var det ein strid med østerdølane, som ønskte eit landsgymnas på Elverum. Seinare vart det dragkamp mellom fleire av tettstadene i Gudbrandsdalen.

Kvinnepioner i Skjåk

Randi Brenden har skrive eit kort og presist portrett av Tea Kummen, som var kvinnepioner i Skjåk midt på 1900-talet. Ho var lærar, tradisjonsberar, forfattar og nynorskforkjempar.

«Ola Tiltak»

Det var oppnamnet til ordførar Ola Dahl på 1960, 70- og 80-talet. Håvard Teige laga i 1984 eit større intervju med Dahl, publisert i fagtidsskriftet «Plan og arbeid». Det dreier seg om kommunalt tiltaksarbeid og offentleg planlegging for ein liten mannsalder sidan.

Husmannsguten

Ole Amundsen Buslett frå Østre Gausdal emigrerte til Amerika som 13-åring i 1868. Der slo han seg opp som journalist, politikar, kjøpmann og forfattar i staten Wisconsin. Han er ofte omtala som far til den norsk-amerikanske litteraturen. Arne Halvorsen fortel historia om Ole Buslett.

Tesseutbygginga

Ein annan artikkel frå ei relativt nær samtid, handlar om dei gigantiske utbyggingsplanane av Tessevatnet på 1970-talet. Prosjektet vart aldri gjennomført; for ein gongs skuld måtte utbyggings-kreftene bite i det sure eplet. Artikkelen er skriven av Ivar Teigum.

Brotsterke karar

Kolbjørn Mæhlum fortel om sterke karar og historiske slåstbikkjer i Gudbrandsdalen. Han skildrar også korleis ein god, gamaldags fest i ungdomslokalet kunne arte seg for eit par generasjonar sidan.

Oppvaksen på Heggerud

Kari Wimmer (fødd Wadahl 1936) voks opp på Heggerud i Sør-Fron. I samtale med Ole Christian Risdal fortel ho om oppveksten sin på garden, som har ei spennande og svært mangslungen historie.

Naustet ved Tesse

Arkeolog Elling Utvik Wammer fortel om utgravinga av eit tømra båtnaust ved Tesse sommaren 2016. Mykje tydar på at Storofsin i 1789 med sine enorme jordras øydela det gamle naustet og fylte tufta med grus og sand.

Vinje og Gudbrandsdalen

Aasmund Olavsson Vinje har 200-årsjubileum i år. Ola Grøsland skriv om korleis Gudbrandsdalen på ulike vis påverka livet og diktninga til pioneren frå Telemark.


Return to top