Lover for Gudbrandsdal historielag Dølaringen
Dølaringen (stifta 1914), Gudbrandsdal historielag (stifta 1919) og Dølaringen Boklag (stifta 1967) fusjonerte på felles årsmøte, 21.04.2018, til Gudbrandsdal historielag Dølaringen, org. nr. 9123 40 597.
- Føremålet med Gudbrandsdal historielag Dølaringen er å vekkje og nøre interessa for den heimlege kulturarven og soga i bygd og by, å samle og ta vare på verdfulle folkeminne og å gje ut eller yte stønad til utgjeving av bøker og skrifter med kulturhistorisk og lokalhistorisk innhald.
- Laget skal vera regionlag for LLH.
- Laget skal samordne verksemd frå lokallaga, laget skal ikkje konkurrere med lokallaga, men vera med og samordne arbeidet.
- Laget skal gje ut Årbok for Gudbrandsdalen, ev. drive anna forlagsverksemd.
- Årboka skal redigerast på nynorsk og i hovudsak vera skrivi på nynorsk.
- Ev. anna arbeid som er aktuelt.
- Medlemer av Gudbrandsdal historielag Dølaringen kan einskildpersonar, sogelag og andre samskipnader som årsmøtet godkjenner vera. Medlemene betaler lagspengar som vert fastsett av årsmøtet for eit år om gongen.
- Gudbrandsdal historielag Dølaringen vert leidd av eit styre på 5 medlemer, valde av årsmøtet, men slik at to/tre av styrelemene skiftevis er på val kvart år. 3 varamenn til styret er på val kvart år. Innan det valde styret vel årsmøtet formann, nestformann og kasserar for eit år om gongen.
Styret skal sjå til at laget vert leidd i samsvar med føremålet. Det fører møtebok over vedtak på årsmøte og styremøter og syter for at vedtaka vert sette i verk. Styret skal ha omsut for at pengemidlar som laget eig, er trygt og renteberande til stades, og at det til kvar tid vert ført grei rekneskap over dei inntekter og utlegg som laget har. Saman med tilsynsnemnda for bok- og avskriftsamlinga åt laget, skal styret sjå til at samlinga til kvar tid er trygda og godt ordna så ho kan nyttast etter planen.
Formannen kallar inn og leier møta, fører brevbytet og møter som målsmann for laget når ingen annan er særslid vald. Saman med dei andre i styret førebur han sakene til årsmøte og styremøter. - Årsmøte vert halde kvart år, seinast i september. Alle medlemer har rett til å tale og å gjera framlegg på møtet. Røysterett har personlege medlemer og utsendingar frå tilslutta lag. Kvart lag kan røyste med to røyster.
Årsmøtet skal avgjera alle større lagssaker. Det vel, forutan styre for laget, ei eige tilsynsnemnd for bok- og avskriftsamlinga på 3 medlemer og dessuten 2 ettersynsmenn for rekneskapen. Etter framlegg frå styret gjer årsmøtet vedtak om arbeidsplan og budsjett for komande arbeidsår. I samband med årsmøtet skal det, om mogleg, skipast til fest eller ope møte med foredrag om aktuelle lagssaker eller historiske emne. - Skulle Gudbrandsdal historielag Dølaringen verta nedlagt, går attverande kapital til medlemslaga.
- Framlegg til brigde i desse lovene må vera innsendt til styret seinast ein månad før årsmøtet. Vedtak om brigde må ha minst 2/3 fleirtal av dei røysteføre på årsmøtet.