Årbok for Gudbrandsdalen 2023

2023-utgåva er ei fyldig bok på 216 sider, med variert og nyskrive stoff frå alle delar av Gudbrandsdalen. Blant skribentane er velkjende namn som Egil Ulateig, Rasmus Stauri, Cæcilie Stang, Johan Storm Munch, Nils Christian Steig og Christel Rønning. Redaktør er kvamværen Geir Beitrusten.

Spissartikkelen i den nye boka er skriven av Egil Ulateig og handlar om ein «gløymt døl», Halvard Olsen (1886–1966) med slektsrøtene sine i Skjåk, men med oppvekst i Kvæfjord i Troms. Halvard Olsen vart i unge år raudglødande, tidvis Moskva-tru kommunist og fagforeiningsleiar, og som mektig LO-leiar i åra mellom 1925 og 1934 vart han både landskjend og omstridd. Til slutt tapte han den interne striden med sin største politiske rival, Martin Tranmæl, mista alle sine verv og posisjonar og vart nesten gløymt. Men da krigen kom i 1940, meldte Halvard Olsen seg inn i NS, noko som førde til ein streng landssvikdom i 1946.

2023-årboka fortel også om ein ukjend lomvær som gav predikant-legende Hans Nielsen Hauge eit andlet, om gardssmiene i Gudbrandsdalen, om helsevesenet på 1900-talet, om ein unggut frå Sel som omkom da han gjorde teneste som soldat i Tysklandsbrigaden i 1947, skattejakt i eit 250 år gamalt stabbur, stormannsslekter i Gausdal, ein mektig og stormodig Vågå-prest – berre for å trekkje fram nokre få tema.

Trollbinde

Trollbinde er en liten kommunikasjonsbyrå som holder til på Dombås, i vakre Gudbrandsdalen. Vi forteller din historie.

http://www.trollbinde.no
Neste
Neste

Årbok for Gudbrandsdalen 2022