Gudbrandsdalsseminaret
Ope for påmelding!
Gudbrandsdalsseminaret 2026
Velkomen til eit seminar der segner, tekstilkunst, litteratur og lokalhistorie blir vovne saman, og der jakta på Hekneveven held fram. På denne nettsida finn du detaljert program og lenkje til påmelding. Påmeldingslenke også til høgre på denne sida.
Seminaret tak stad ved Maihaugen, Lillehammer
Søndag 22. mars
Kl. 10.30–15.45
Utdrag av illustrasjon av: Charlotte Grønvold Menkerud, Lole Design
Gudbrandsdalsseminaret 2025
Les om fjorårets seminar her!
Gudbrandsdalsseminaret 2024
Årets tema er: Okkupasjon og etterspel.
Tysdag 19. mars, Maihaugen, Maihaugvegen 1, 2609 Lillehammer
Kl. 09.30 –15.30
Det er krig i Europa og i nærområda våre. Dei brutale hendingane i Ukraina og på Gaza går inn på oss alle, og set oss i berøring med eigne erfaringar og forteljingar om krig og okkupasjon.
Gudbrandsdalsseminaret 2024 tematiserer krig. Vi ser nærmare på andre verdskrigen i Lillehammer og Gudbrandsdalen, og på korleis krigen og okkupasjonsåra er omtala, skrive om og formidla i åra etter.