Om oss

Dølaringen, som vart skipa som regionalt mållag i 1924, vart fusjonert med historielaget i 2018. Historielaget har til føremål å arbeide for kultur og historie i Gudbrandsdalen. Laget legg vekt på å fungere som eit bindeledd mellom dei lokale historielaga i Gudbrandsdalen.

Dei lokale historielaga er medlemmer i Gudbrandsdal historielag. Laget arrangerer fellestiltak for lokallaga. Det er også høve til personleg medlemskap i laget.

Samarbeid med Dølaringen

Gudbrandsdal historielag har frå 1930-talet samarbeidd nært med Dølaringen, som vart skipa i 1924. Det er høve til både enkeltpersonar og lag å vera medlem i Dølaringen.
Samarbeidet mellom Dølaringen og Gudbrandsdal historielag er formalisert i ein samarbeidsavtale av 23.09.1975. I samsvar med denne avtalen utarbeider dei to laga felles årsmelding og rekneskap. Dei to laga har i tillegg felles årsmøte. Styre i dei to laga, med tre medlemmer frå kvart lag, held felles styremøte.

Dølaringen boklag

Gudbrandsdal historielag og Dølaringen eig kvar sin halvpart av Dølaringen Boklag. Boklaget gir ut lokalhistorisk litteratur frå Gudbrandsdalen, bl.a. Årbok for Gudbrandsdalen. Dølaringen Boklag hadde fram til februar 2013 eige bokutsal i Lillehammer, men sel nå bøker i bokhandlar og via nettbestilling. Bestill her

Årbok for Gudbrandsdalen

Gudbrandsdal historielag og Dølaringen er saman Dølaringen Boklag. Vi gir kvart år ut Årbok for Gudbrandsdalen. Felles styremøte for dei to laga tilset redaktør. Redaktør er for tida Geir Beitrusten: geir.beitrusten@gmail.com.

Finn og bestill bøker her

Styret for Gudbrandsdal historielag Dølaringen

Styreleiarar i Gudbrandsdal historielag

Gunner Gunnersen, Lillehammer 1919-25

Kristofer Fliflet, Lillehammer, 1925-34

Tor Ile, Øyer, 1934-35

Aksel Hattestad, Ringebu, 1935-42

Trygve Krukhoug, Lillehammer, 1942-46

Kasper Øvstedal, Vågå, 1946-47

Ivar Øygard, Skjåk,1947-62

Bernhard Hovstad, Ringebu, 1962-72

Olav Råstad, Vågå, 1972-91

Per Åsmundstad, Ringebu, 1991-96

Jon Ødegård, Ringebu, 1997-99

Per Åsmundstad, Ringebu, 1999-2004

Arne Skuterud, Vinstra, 2005-13

Arnfinn Engen, Lillehammer, 2013-14

Torveig Dahl, Ringebu, 2014-23

Sæbjørn Forberg, Skjåk, 2023-

Sæbjørn Forberg

Redaktørar av Årbok for Gudbrandsdalen

Edvard Grimstad, Skjåk/Lillehammer, 1930-36

Einar Hovdhaugen, Ringebu, 1937

Ola I. Svare, Gausdal, 1938-39

Einar Hovdhaugen, Ringebu, 1940

Aksel Hattestad, Fåberg, 1941-42

Martinus Høgåsen, Nord-Fron/Vågå, 1945-64

Ole Arnfinn Torgersrud, Otta/Gausdal, 1965-73

Per Lindsheim, Skjåk, 1974

Jan-Magnus Bruheim, Skjåk, 1975

Bruheim og Lindsheim, 1976-77

Jan Magnus Bruheim, Skjåk, 1978

Arnfinn Engen, Lillehammer, 1979-81

Kristian Hosar, Lillehammer, (medredaktør) 1980-81

Arnfinn Engen og Iver Forseth, Gausdal, 1982

Johs. Myhren, Nord-Fron, 1983-92

Arvid Ødegaard, Nord-Fron, 1993-94

Arvid Ødegaard og Iver Forseth, 1995-98

Arnfinn Engen, 1999-2006

Kristian Hosar, 2007-11

Kirsti Krekling, Lillehammer, 2012-14

Geir Beitrusten, Lillehammer, 2015

Foto: Paul Andreas Røstad /Dextra Photo