Dølaringen Boklag | | sidekart

 

Føremål og samarbeid

Fusjon

Årsmøtet 21. april 2018 på Jørstadmoen vedtok samstemmig å fusjonere dei tre organisasjonane Dølaringen, Gudbrandsdal Historielag og Dølaringen Boklag til ein: Gudbrandsdal historielag Dølaringen. Viktigaste formålet med organisasjonen er å gje ut Årbok for Gudbrandsdalen, vera regionlag i LLH og drive samordnande verksemd for medlemslaga og enkeltmedlem i laget.
Les pressemelding . . .


Denne forsamlinga er fotografert på Maihaugen den 20. juni 1919 i samband med at dei skipa Gudbrandsdal Historielag. Sitjande frå venstre: Oluf Kolsrud, Erik Enge, Gunner F. Gunnersen, Ivar Kleiven, Axel Thallaug og O. T. Gillebo. Ståande frå venstre: M. A. Lien, Joh. Bergum, Erling Bjørnson, Arnt Astrup, Petter Nilssen, Jul. Sundsvik, Simen Fougner, Anders Sandvig, Thv. Isum, Simen Kolstad, Thor Strand, Tor Ile, O. P. Johansen, Anders Skrede, H. Løken, T. N. Holme, Aksel Hattestad, Harald Bakken, L. Sætre, G. Fliflet og Thomas Jørstad. Fleire av dei var framståande drivkrefter i arbeidet med å handsame og sikre den lokale kulturhistoriske arven i Gudbrandsdalen.

Gudbrandsdal historielag vart skipa i 1919. Laget har til føremål å arbeide for kultur og historie i Gudbrandsdalen. Laget legg vekt på å fungere som eit bindeledd mellom dei lokale historielaga i Gudbrandsdalen. Desse er medlemmer i Gudbrandsdal historielag. Laget arrangerer fellestiltak for lokallaga. Det er også høve til personleg medlemskap i laget.

Samarbeid med Dølaringen

Gudbrandsdal historielag har frå 1930-talet samarbeidd nært med Dølaringen, som vart skipa i 1924. Det er høve til både enkeltpersonar og lag å vera medlem i Dølaringen.
Samarbeidet mellom Dølaringen og Gudbrandsdal historielag er formalisert i ein samarbeidsavtale av 23.09.1975. I samsvar med denne avtalen utarbeider dei to laga felles årsmelding og rekneskap. Dei to laga har i tillegg felles årsmøte. Styre i dei to laga, med tre medlemmer frå kvart lag, held felles styremøte.

Dølaringen boklag

Gudbrandsdal historielag og Dølaringen eig kvar sin halvpart av Dølaringen Boklag. Boklaget gir ut lokalhistorisk litteratur frå Gudbrandsdalen, bl.a. Årbok for Gudbrandsdalen. Dølaringen Boklag hadde fram til februar 2013 eige bokutsal i Lillehammer, men sel nå bøker i bokhandlar og via nettbestilling. Gå inn på heimesida http://www.gudbrandsdalhistorielag.no/dolaringen.

Årbok for Gudbrandsdalen

Gudbrandsdal historielag og Dølaringen er saman Dølaringen Boklag. Vi gir kvart år ut Årbok for Gudbrandsdalen. Felles styremøte for dei to laga tilset redaktør. Redaktør er for tida Geir Beitrusten - e-post: .
Oversikt over alle årbøkene og innhaldet i desse finst på http://www.gudbrandsdalhistorielag.no/dolaringen.


Return to top